SKOGFORUM – Skogbrannsesongen 2018, Litteraturhuset i Oslo, 18. okt. kl. 12.30 – 15.30. Meld deg på!
20. september 2018
Reagerer på at populært turområde foreslås vernet: – Et sted som brukes veldig mye
21. september 2018

Godt nytt for skognæringa

I 2012, etter vel to år med drift, var det slutt. Overkapasitet, låge prisar i marknaden og tekniske problem gjorde at produksjonen gjekk med store tap.

No skal Moelven Industrier byggje ein ny pelletsfabrikk og eit nytt bioenergianlegg på Sokna utanfor Hønefoss. I det nye anlegget skal energi og flisprodukt frå Moelven sitt sagbruk i regionen bli brukt til pelletsproduksjon.

Dette er den første pelletsfabrikken i Norge som er energimessig fullintegrert i eit sagbruk. Eitt nytt bioenergianlegg skal forsyne sagbruket og pelletsfabrikken med energi. Det betyr at energien som elles ville gått til spele frå sagbruket, skal brukast i produksjonen av pellets. Det skal redusere energibruken i pelletsproduksjonen med inntil 37 prosent, opplyser Moelven Industrier. Når fabrikken står ferdig tidleg i 2020, vil han sørge for at pelletsproduksjonen i Norge blir dobla.

Dette er godt nytt for skognæringa og for regjeringa. Riksrevisor Per-Kristian Foss overleverte 5. april i år ein rapport til Stortinget om styresmaktene si satsing på bioenergi. I rapporten får regjeringa hard kritikk av Riksrevisjonen for arbeidet på dette området. Årsforbruket av bioenergi var forventa å auke med inntil 14 terrawattimar (TWh) frå 2008 til 2020, men var i 2016 auka med berre 1,6 TWh.

Enova støttar den nye fabrikken med 66 millionar kroner. Dette prosjektet er meir enn fagre ord om det grøne skiftet, og eit mykje «grønare» prosjekt enn det Enova støtta i 2007. Meir bruk av flis, fjernvarme og pellets vil redusere bruken av kol og olje, og auke etterspurnaden etter tømmer. Det vil også gi høgare lønsemd i skogbruket