Auka næringsverksemd, bioøkonomi og mattryggleik
12. oktober 2017
Skogeierne rystet: Regjeringen avviser skatteordning for skogindustri
12. oktober 2017

Pengar til ulvetiltak

Målet med desse tiltaka er å redusere konfliktane knytt til ulv. Det gjeld særleg for folk som lever innanfor ulverevir og dei som opplever det som ei belastning å bu i ulvesona, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Pengar til kommunar med ulverevir

Regjeringa etablerte i 2017 ei eiga tilskotsordning til kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold. Desse pengane kan til dømes brukast som tilskot til visse næringsinteresser, til tenestetilbod eller til næringsutvikling. Det er opp til kommunane å bestemme fordelinga av tilskot. Ordninga på 20 millionar kroner blir ført vidare i budsjettet for 2018.

Merking av ulv

Sist vinter blei 15 ulvar innanfor ulvesona merka med GPS-halsband. Det er sett av 4,1 millionar kroner til merking slik at prosjektet kan fortsette også den kommande vinteren. Merkinga vil gje informasjon om korleis ulvane oppfører seg i busette område og korleis dei vandrar. Dette vil gje eit betre grunnlag for fortløpande vurdering av skadepotensial på husdyr og tamrein, og ulvens åtferd rundt menneske.

Styrking av SNO

Det er sett av 3,3 millionar kroner til auka kapasitet i Statens naturoppsyn (SNO) for å følge opp ulvens skadepotensial og ulv som blir opplevd som nærgåande, og til arbeidet med å dempe konfliktar og formidle kunnskap. Styrking av Statens naturoppsyn er viktig for å sikre ei god oppfølging av ulv og for å handtere konfliktane på best mogleg måte.