Reinjakta jegerane ikkje ser noko glede i

Brygger opp til tømmerkrig
11. januar 2018
Jegerne har felt 15 av 16 ulv
12. januar 2018

Reinjakta jegerane ikkje ser noko glede i

HEMSEDALSFJELLET (NRK): Den omstridde villreinjakta i Nordfjella er inne i si mest intensive fase. – Det er med blanda kjensler vi gjer dette.

Det seier jaktleiar og seniorrådgjevar i Statens naturoppsyn, Petter Braaten. Sidan 7. november i fjor har tre statlege jaktlag køyrt over 18.000 kilometer på skuter for å følgje opp regjeringsvedtaket om å skyte ned villreinstammen i Nordfjella.

Dei har løyst over 850 skot og felt vel 650 dyr.

– Vi køyrer skuter i eit av dei vakraste naturområda i Norge. Det i seg sjølv er ei fin oppleving. Men å vite at du skal skyte ut ein flokk på fleire hundre dyr er ikkje forbunde med noko som helst form for glede, seier Braaten.

– Ser på som jobb

Jegerane har fått i oppdrag å felle villreinstammen for å hindre at skrantesjuka spreier seg.

Arbeidsdagen byrjar når solstrålane breier seg over dei kvitkledde viddene mellom Hallingdal, Indre Sogn og Hardanger.

Det bles stiv kuling, men ti jegerar i kvite kamuflasjeklede tek til skuteren på jakt etter villrein. Ferda går langt inn i fjellheimen, eitt par mil sør for riksveg 52.

– Vi er nøydde til å sjå på dette som ein jobb, seier Braaten og ser ein villreinflokk på kring 50 dyr ta seg opp fjellsida.

2.200 dyr skal fellast

Ein av jegerane legg seg ned. Med lyddempar fyrer han av to skot. På det meste har det statlege jaktlaget felt 64 dyr på ein dag.

Til no er det påvist 12 tilfelle av den dødelege sjukdomen. Innan 1. mai skal jegerane ha gjort jobben, som både ser og høyrest brutal ut. Brutal er også sjukdomen som jegerane freistar å stoppe. Sjuke dyr tek ikkje til seg næring.

Reinen jaktlag jaktar er godt vand med å bevege seg mykje, og manøvrerer seg raskt og lett gjennom terrenget. Men jegerane på skuter stressar flokken.

Braaten seier at dei gir seg når flokken viser teikn til å vere sliten.

– Vi vurderer heile tida den dyrevelferdmessige etiske grensa for kor mykje vi kan presse. No har vi halde på nokre timar og skote ein del dyr, men det er klart at det blir bra for dyra å roe seg ned no, seier han.

– Men dei må forfølgast og dei må skytast om vi skal ha noko sjanse til å ta ut denne flokken, legg han til.

Kring halva att

Grunna den snørike vinteren har dei fått tatt ut meir dyr enn venta. Saman med den utvida jakta tidlegare i haust, er over halvparten av stammen teken ut.

Braaten seier det er vanskeleg å slå fast eksakt kor mange dyr som er att.

– Vi prøver å få til ei teljing så raskt det blir gode nok forhold. Då vil vi fotografere flokkane og telje dyra, seier han.

– Kan det bli vanskeleg å ta ut alle?

– Det blir ei krevjande øving å garantere at det er tomt for dyr her. Det er det ingen tvil om.