Norske Skog utsetter nok en gang fristen for en redningsplan
5. oktober 2017
Jakt-aktuelt: Nødvergerett for hund under jakt
6. oktober 2017

Skrantesjuka: Ordførarane krev meir tid før saneringa vert sett i verk

Lærdal: Fylkesordføraren Jenny Følling var i dag på eit CWD-møte med ordførarane i Hemsedal, Lærdal og Aurland. Der vart dei einige om å få til ei møte med landbruks- og matminister Jon Georg Dale så snart som mogeleg.

– Det er mykje vi ikkje veit om denne sjukdommen i dag og innhenting av kunnskap vil vere eit viktig punkt, seier fylkesordførar Jenny Følling i ei pressemelding.

Avgjersla om å skyte ned heile villreinstammen i Nordfjella har vore kontroversiell. På møtet kom det klare signal frå kommunane om at det bør brukast meir tid før den vedtekne saneringsplanen vert sett i verk.

Til NRK seier ordførar Noralv Distad i Aurland at ein ikkje bør gå til full nedskyting av villreinstammen i Nordfjella no.

– Veldig mykje står på spel. Å skyte ned alle dyr i løpet av vinteren er ikkje ein god modell, seier ordføraren til NRK.

CWD-koordinator Lars Nesse, som orienterte om stoda under møtet, etterlyste meir ressursar frå styresmaktene i det som er karakterisert som ei nasjonal krise.

Bodskapen til fylkesordføraren etter møtet er at dialogen må bli betre.

– Dei nasjonale styresmaktene som tek avgjerda må ha god dialog med lokale myndigheiter og bruke lokal kunnskap når dei skal vurdere tiltak og handtere ein så vanskeleg situasjon, seier Jenny Følling ifølgje pressemeldinga.