Mobil mätning kan förändra skogsbruket
11. juni 2018
– Hvorfor driver jeg med dette?
11. juni 2018

Ut av skogbruk etter ny Trump-toll

DelEmneord til denne artikkelen

– Trump har innført 22 prosent straffetoll på kanadisk trelast, noko som verkar dramatisk inn på innteninga, seier Jens Ulltveit-Moe til

Dagens Næringsliv (bak betalingsmur).

Ifølgje avisa sel investoren seg no heilt ut av skogbrukverksemda i Canada. Verksemda blir selt for 67 millionar kanadiske dollar, noko som svarer til 415 millionar kroner, ifølgje DN.

Det gir ein massiv gevinst for Ulltveit-Moe. Investoren kjøpte seg inn i skogbruk i Canada i 2009, for 5,5 millionar kanadiske dollar. Det betyr at investeringa har over tolvdobla seg på ni år.

Ti millionar mål

Målet då Ulltveit-Moe kjøpte seg inn var å produsere biodiesel. Heile ti millionar mål skog kjøpte investoren i Canada.

– Teknologien er foreløpig ikkje på plass for å utvikle biodiesel frå trevirke, men håpet er å få det til på sikt, sa han til E24 i 2009.

Ulltveit-Moe har også éin av dei som la inn bod på Norsk Skog.

Investoren gjekk til slutt tapande ut av bodkampen.

Emneord til denne artikkelenDel