Kort sagt, mandag 9. desember
9. desember 2019
Utvider jakttiden for å stoppe skrantesyke
9. desember 2019

28 nye skogsområde vert naturreservat

Hundrevis av insektarter, sopparter og enkelte fuglar er avhengige av daud ved og gamal skog. Det er derfor viktig at vi vernar dei viktigaste skogareala, slik at vi bidrar til å betre situasjonen for truga artar og naturtypar, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) i eit innlegg på heimesidene til departementet.

Vernevedtaket omfattar totalt omlag 80 km 2 nytt verneareal med 56 km 2 produktiv skog. Det har vore meir enn ei dobling av løyve til skogvern sidan førre regjeringsperiode. Frå og med 2014 er det løyva nær 2,4 milliardar kroner.

– Stor interesse for frivillig skogvern

Klima- og miljødepartementet omtalar samarbeidet om frivillig vern av privateigd skog som ein suksess. Det starta i 2003, og til no er nær 600 skogområde blitt verna i dette samarbeidet mellom miljøstyresmaktene og skogeigarorganisasjonane.

Statskog SF eig eitt av områda i dette vernevedtaket. Dei andre områda er eigd av private og inngår i samarbeidet om frivillig vern av privateigd skog. Interessa for frivillig skogvern er stor, melder KLD.

– Eg er godt nøgd med at så mange skogeigarar tilbyr skog til frivillig vern. Skogeierane sine organisasjonar gjer ein viktig jobb for å hente inn tilbod om vern av dei viktigaste skogareala. Utan innsatsen frå skogeigarane og deira organisasjonar, hadde vi ikkje lukkast i å verne so mykje skog som denne regjeringa gjer, seier statsråd Elvestuen.

Stortinget vedtok i 2016 eit mål om vern av 10 prosent av skogarealet i Norge. Til no er det verna om lag 3,8 prosent av den produktive skogen i landet og nær 5 prosent av det samla skogarealet.

I tillegg til å bidra til å nå målet om 10 prosent skogvern, vil vernevedtaket òg bidra til å oppnå to nasjonale mål for naturmangfald:

Vernevedtaket vil òg bidra til å nå internasjonale mål, blant anna målet i FN-konvensjonen om vern og bevaring av område som er viktige for biologisk mangfald.

FAKTA OM FRIVILLIG SKOGVERN

Frivillig vern av skog betyr at miljøforvaltninga definerer kva for skogtypar og skogareal det er viktig å verne. Ut frå dette tilbyr skogeigar areal for vern. Miljøforvaltninga vurderer om området har naturfaglege kvalitetar som tilseier vern, og deretter forhandlar skogeigar og staten fram til ein avtale om frivillig vern. Skogeigar avstår retten til å drive skogbruk i naturreservatet, og vil derfor få erstatning for tapet av framtidige inntekter frå skogbruk i området. Normalt vil jakt, fiske og hausting av bær og matsopp framleis vere tillate. Skogeigar har framleis eigedomsretten og jakt- fiske og beiterettar i området. Eventuelle hytter eller setrar kan han eller ho bruke og vedlikehalde som før. Dersom skogeigar ikkje er nøgd med utfallet kan eigar trekke seg undervegs i verneprosessen og bruke skogen som før.