30 mill. kroner til forsking på utmark

Skriftlig spørsmål fra Heidi Nordby Lunde (H) til finansministeren
19. november 2018
Straffeansvar ved å delta på jakt
19. november 2018

30 mill. kroner til forsking på utmark

Neste år blir forskarar invitert til å finne gode løysingar for berekraftig bruk og vern av utmarka. Forskingspengane kjem mellom anna frå jordbruksavtalen.

Utmarksbeite i Nordland. Copyright: Colourbox

Forskningsmidler over jordbruksavtalen (JA), BIONÆR og MILJØFORSK går saman om å lyse ut 30 mill. kroner til forsking på berekraftig bruk og vern av utmarksressursar. Søknadsfrist er 10. april 2019. Meir informasjon om fellesutlysinga og faglege prioriteringar skal etter planen leggjast ut på Forskingsrådet sine nettsider i januar 2019.

Er med og finansierer Forskingsrådet sitt miljøprogram

Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri (FFL/JA) bidreg òg med finansiering av MILJØFORSK, som er Forskingsrådet sitt miljøprogram. Programmet skal gje auka kunnskap om sentrale miljøutfordringar, samt gje forvalting, næringsliv og samfunnet elles eit betre grunnlag for å ta avgjersler for ei grøn omstilling. I 2019 lyser MILJØFORSK ut 50 millionar til forsking på reint miljø, berekraftig produksjon og forbruk. Søknadsfrist er 10. april 2019 og meir informasjon vert lagt ut på Forskingsrådet sine nettsider nærmare søknadsfristen.