– Det er veldig dumt å jakte, og så måtte kaste verdifullt kjøt

Naturvård och skogsproduktion kan samsas till lägre kostnad
4. september 2018
Mads Asprem frykter bankene i skogsmareritt
5. september 2018

– Det er veldig dumt å jakte, og så måtte kaste verdifullt kjøt

Testing av skrantesjuke hos hjort gjer at jegerar må vente på prøvesvar før dei kan bruke kjøtet. Med varmt vêr i vente rår vald-leiar jegerar til å utsetje jakta.

– Ein må i alle fall tenkje seg godt om dersom ein ikkje har tilgang til kjøl eller vifte. Det er veldig dumt å jakte, og så måtte kaste verdifullt kjøt, seier leiar for Leivdalen og Heggjebygda Storvald i Eid, Torbjørn Leivdal.

Denne jaktsesongen skal 30 000 hjortedyr testast for skrantesjuke. I påvente av prøvesvara må jegerane vente på å bruke kjøtet frå dyra dei skyt. Det har nokre praktiske konsekvensar når jegerane skal vare på kjøtet.

– Det ser ut som det blir veldig varmt no fram mot helga. Då må ein vere veldig forsiktige med hygiene og alt. Ein må hengje skrottane kjapt opp, gjerne med vifte, og få det på kjøl når det er kome ei fin lita hinne på. Dei som ikkje har den tilgangen, må passe på.

Tek eit par dagar

Det er hjortedyr eldre enn to og eit halvt år det blir teke prøver av. Prøvene blir sende til Veterinærinstituttet. Til prøvesvara er klare må skrottane henge – eller kjøtet frysast ned. I helga skaut jaktlaget sju hjortar. Litt av kjøtet har dei alt måtta fryse ned.

– Når kjøtet er klart, så må vi jo berre fryse det ned. Men ein oppmodar om å merke kjøtet godt. Skulle det kome positive prøver, har ein framleis kontroll på kvar enkelt kjøtdel som ein kan plukke ut igjen, seier Leivdal.

Dei har vorte lova frå Veterinærinstituttet at det skal ta 1–2 dagar å få prøvesvara.

– Vi håpar det går så kjapt som det er lova.

Ulike reglar

Hallgeir Herikstad i Mattilsynet seier det er ulike reglar for jegerane i Nordfjella og dei utanfor.

– Nordfjella-området har ei eiga forskrift, som seier at du ikkje har lov å ta dyret ut av området før det ligg føre prøvesvar.

Forskrifta gjeld kommunane i dette området, mellom dei Lærdal.

– I kommunane utanfor dette området, treng du ikkje henge opp dyret der det er skote. Du skal legge inn data om dyret på databasen, men du kan ta med dyret heim, skjere det ned og legge det i frysen – slik at kjøtet ikkje blir øydelagt.

Må kunne spore kjøtet

Herikstad understrekar at det er viktig å kunne spore alle delar av dyret dersom prøvesvara skulle vere positive.

– Ein kan sjekke prøveresultatat i databasen. Forhåpentlegvis får ein stadfesta at svaret er negativt, og då kan ein ete kjøtet, seier han.

– Har Veterinærinstituttet ressursar til å ta unna alle prøvene?

– Veterinærinstituttet har lagt ned stor kapasitet i dette. Dei seier at sjølv no på det mest hektiske, skal dei greie å svare på 1–2 dagar, seier Herikstad.

Les også: