Grunneigarar fryktar at nasjonalparken kjem, anten dei vil eller ikkje

Rovviltnemnder snur ikke i sak om jakt på fire ekstra ulver
26. februar 2019
Truer med å legge ned Norske Skog Saugbrugs
27. februar 2019

Grunneigarar fryktar at nasjonalparken kjem, anten dei vil eller ikkje

– Me har ikkje så mykje me skulle ha sagt, trur Nils Kristian Frafjord i Frafjord fellesdrift.

Miljødirektoratet har bede Fylkesmenn over heile landet om å kartlegge område med store verneverdier som i dag ikkje er tilstrekkeleg verna, anten i form av naturreservat, biotopvern, landskapsvern eller nasjonalpark. I sitt svar til direktoratet har Fylkesmannen i Rogaland peika på 62 større og mindre områder som aktuelle kandidatar for ulike typar vern.

Les også: Fylkesmannen vil ha nasjonalpark i Gjesdal

Av desse områda, er det to som Fylkesmannen tilrår å gjere til nasjonalpark, nemleg Preikestol-området og Frafjordheiane. I tilrådinga skriv fylkesmiljøvernsjef May Britt Jensen at desse områda har «nasjonalpark-kvalitetar» og «gir grunnlag for ei lang rekke naturtypar i eit velutvikla og avgjerande økologisk nettverk». Gitt storleiken og dei glidande overgangane i områda, vil desse vere robuste ved klimaendringar, trur fylkesmiljøvernsjefen.

– Viktigare å verne dyrka jord

Nils Kristian Frafjord representerer, gjennom Frafjord fellesdrift, grunneigarane i området. Han meiner det er andre ting som er viktigare å verne om enn villhei.

– Dei burde heller ta vare på den dyrka jorda. Eg er litt usikker på tala, men eg trur det er så lite som tre prosent av all jorda i Noreg som er dyrka, medan rundt ein tredjedel som er verna, seier Frafjord og legg til at om det først skulle komme ein nasjonalpark, burde den heller vere i området rundt Mån og Månafossen.

For Nils Kristian Frafjord er ikkje problemet at ein nasjonalpark vil avgrense drifta hans slik ho er i dag, men at ein slik vernestatus kan gjere det lang vanskelegare å gjere nye tiltak i framtitda. Frafjord er oppgitt.

– Når me i Frafjord søker om noko, sjølv om det er små tiltak, må me alltid ta valdsame omsyn til forskjellig vern, men når dei store selskapa søker om noko, til dømes Fred. Olsen med vindmøllene sine på Gilja, så er det ikkje snakk om noko vern. Deter det same med tunellen til Espedalen. Den er lagt til rett ved sida av naturreservatet, men er kun nemnd i ein eller to setningar i dei planane som er laga til på førehand, seier Frafjord.

– Den veien det går

At Fylkesmannen no tilrår å gjere Frafjordheiane til nasjonalpark, kjem ikkje heilt overraskande på grunneigarane i bygda.

– Me har vel sett at det er der dei vil. Då verneplanen kom, var det ikkje lovheimel for å lage nasjonalpark på privat eigedom. Det trur eg dei har fått no, seier han.

Det høyrer med til historia at grunneigarane i si tid var i mot innføringa av landskapsvernområde, utan at dei blei høyrt på dette. For to år sidan, handsama formannskapet eit forslag om å gjere Frafjordheiane til nasjonalpark. Det blei nedstemt mot stemmane til Høgre og fire frå Arbeidarpartiet.

– Dei negative konsekvensane ser ein ikkje før ein bur i dalen sjølv. Det å bu og driva næring i ein dal som Frafjord er nok ikkje så veldig enkelt. Ein har freda elv, skog, steinur og fjellside. Du har knapt lov til å gjera hagearbeid utan å bli kriminell. Me bør lytta til lokalsamfunnet. Senterpartiet går ikkje med på å forverra situasjonen for dei som bur der, sa Vidar Nedrebø (Sp) under handsaminga.

– Har ikkje mykje me skulle ha sagt

Nils Kristian Frafjord trur ikkje Miljødirektoratet vil vere like opptatt av tilhøva for dei som bur og arbeider i Frafjord.

– Me har ikkje så mykje me skulle ha sagt oppe i dette. Dei kjem kanskje og høyrer kva me har å seie, men ikkje noko meir enn det. Det er sånn det er i Frafjord, seier han.

Grunneigaren peiker på det han meiner er ein gradvis einvegs-prosess.

– Først blei det LNF-område (landbruks-, natur- og friluftsområde). Då sa kommunen at når dei innførte det, var det mindre sjanse for at det blei nasjonalpark. Så kom verneområdet, og då sa dei det same, seier Frafjord, som fryktar at den gradvis endra statusen på områda grunneigarane disponerer vil gjere at dei får mindre i erstatning enn dei elles kunne fått.

– Men vil ikkje ein nasjonalpark òg føre med seg nye moglegheiter, til dømes turisme?

– Etter vernekriteria er det ikkje om å gjere å få fleire turistar. Dei vil heller verne enn lage eit blikkfang for turistar, vil eg tru.

Departementet avgjer

På sine heimesider er Fylkesmannen nøye med å påpeike at det dei no har gjort, i tråd med oppdraget frå direktoratet, er kun å identifisere 62 områder i fylket dei meiner per i dag ikkje har godt nok vern.

– Dette betyr ikkje at det sett i gang ein verneprosess med vernegrenser, skriv Fylkesmannen.

Miljødirektoratet skal på si side legge fram eit heilskapeleg, nasjonalt forslag for Klima- og iljødepartementet, basert på tilbakemeldingane frå Fylkesmennene rundt om i landet. Det skjer ein gong før sommaren. På bakgrunn av dette skal departementet avgjere kvifor nokre områder ein skal sette i gang verneprosess for, og kva slags type vern dei skal få. Lova forutset medverknad frå alle som vert råka av verneplanprosessar.

Naturmangfaldlova § 35: Som nasjonalpark kan vernes større naturområder som inneholder særegne eller representative økosystemer eller landskap og som er uten tyngre naturinngrep. I nasjonalparker skal ingen varig påvirkning av naturmiljø eller kulturminner finne sted, med mindre slik påvirkning er en forutsetning for å ivareta verneformålet. Forskriften skal verne landskapet med planter, dyr, geologiske forekomster og kulturminner mot utbygging, anlegg, forurensning og annen aktivitet som kan skade formålet med vernet, og sikre en uforstyrret opplevelse av naturen. Ferdsel til fots i samsvar med friluftslovens regler er tillatt. Slik ferdsel kan bare begrenses eller forbys i avgrensede områder i en nasjonalpark, og bare dersom det er nødvendig for å bevare planter eller dyr, kulturminner eller geologiske forekomster.