Har ikkje funne CWD-smitte

Tilskudd fra skogbrukets rentemidler 2019
10. oktober 2018
Skriftlig spørsmål fra Willfred Nordlund (Sp) til næringsministeren
11. oktober 2018

Har ikkje funne CWD-smitte

Det er ikkje funne CWD-smitte i nokon av dei 574 prøvane frå vidda. Mattilsynet har ikkje avgjort kva dei gjer vidare i saka.

DEL (Hardanger Folkeblad) – Det er ikkje avgjort kva som skjer vidare. Vi skal ha ein dialog med dei råka partane, seier Lars Skjegstad, som er pressevakt i Mattilsynet.

Tysdag var det registrert 574 CWD-prøvar frå villrein på Hardangervidda.

Det er ikkje funne smitte hos nokon av desse, men Mattilsynet har tidlegare sagt at dei vil vurdera statleg felling om ein ikkje fekk inn 1000 prøvar frå jakta.

Villreinen i Nordfjella sone 1 vart teken ut etter funn av CWD, men ein har ikkje nokon plan for kva som skjer dersom det vert påvist andre stader.

– Det vil vera så dramatisk at ein må langt opp i avgjerdshierakiet. Det vil vera ein svært utfordrande situasjon nasjonalt, har skrantekoordinator Hallgeir Herikstad tidlegare sagt.