Halv million til skogpådriver på Helgeland – skal utnytte skogen bedre
4. juni 2018
Hamar (V): – Plant gran. Skogbruket på Vestlandet er ikkje i fare
5. juni 2018

Helge Kårstad om eit forbod mot gran: Vil ikkje vere ansvarleg å bygge tømmerkai i Dalsfjorden

Han er prosjektleiar på infrastruktur i Kystskogbruket som er eit samarbeid for å nytte potensialet i skogbruket langs kysten.

Få nyhetene servert i innboksen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Ifølge fagtidsskriftet Norsk Skogbruk har Elvestuen bedt om at eit forbod mot sitkagran vert greidd ut, og at det også blir vurdert restriksjonar på norsk gran i dei områda den naturleg ikkje høyrer heime, altså langs kysten og nord for Saltfjellet.

Skogbruket i vest vil bli avvikla

– Ja, vi held oss til svartelista og jobbar med eit forbod mot sitkagran og vurderer å stille krav til stadeigne treslag, noko som også ekskluderer norsk gran på Vestlandet og nord for Saltfjellet, seier Elvestuen til Norsk Skogbruk.

– Haldninga til Elvestuen om at det ikkje skal plantast verken sitkagran eller norsk gran, vil føre til at skogbruket på Vestlandet og i Nord-Norge vil bli avvikla etter kvart. Sitkagran er ikkje avgjerande i vårt fylket, sjølv om den klarar seg godt i ytre deler, men å slutte å plante norsk gran, vil vere dramatisk, seier Kårstad.

Planane klare for stor tømmerkai i Dalsfjorden

– Vil neppe få gjennomslag

– Ingen trur Elvestuen vil få gjennomslag, men det er ikkje tvil om at det sit mange rundt om i Oslo og Bergen som har slike tankar. Og det gjeld for så vidt ikkje berre skog. Høg velstand gjer at vi kan importere alt i treng, seier Kårstad og utdjupar:

– Går du på butikken og kjøper trevirke, så spør du ikkje kvar den kjem frå. Folk flest har ikkje lenger eit forhold til produksjon, men ein statsråd har eit ansvar for å sette ting i eit langsiktig perspektiv, seier Kårstad.

– Best i Europa

Han peikar på at både norsk gran og sitkagran er viktige treslag i skogbruket langs kysten. Dei produserer svært godt og gir god kvalitet, mellom det beste i Europa. Dette kan lett dokumenterast, m.a. ved Moelven Granvin Bruk, meiner han.

– Hogsten som stadig er aukande, sysselset stadig meir folk. Det er også ein aukande del av tømmeret som går til norsk skogindustri.

– Vi veit og at granarealet utgjer kring 1 % av landarealet i fylka langs kysten, og det er pr. i dag ikkje påvist tap av naturmangfald på grunn av desse plantingane, hevdar Kårstad.

– Stikk i strid med regjeringa si satsing

– Det skulle vel også berre mangel sidan det utgjer så lite av landarealet. At sitkagran er planta mykje som leplanter ein del på feil stader, holmar og skjer i ytre strøk, er ei anna sak. Det skal ikkje skje i framtida og kan enkelt regulerast i forskrift. Eit totalt forbod er tull. For det finst ingen grunn for eit totalforbod, understrekar Kårstad.

Han finn tankane til Elvestuen ekstra underlege fordi «inga anna regjering i Norge har satsa så sterkt på å betre infrastrukturen og rammevilkåra for skogbruket og skognæring som dagens».

– Konsekvensen av utsegna til Elvestuen er at det har vore uansvarleg både for regjering og skognæringa sjølv å ha satsa så mykje å bygge skogsbilvegar og tømmerkaier – investeringar for dei neste 50 åra. Regjeringa har medverka til investeringar kring ein halv milliard kroner i tømmerkaier og skogsvegar berre dei siste 5 åra, påpeikar Kårstad.

Tømmerkai i Dalsfjorden vil få løyving

– Vil ligge ubrukt om 20–30 år

Han meiner det vil vere kjekt å få mykje pengar til ei ferjekai i Dalsfjorden, men blir det forbod mot å plante gran, kan han ikkje sjå at det er ansvarleg verken for staten eller private å investere i ei kai.

– Etter 20–30 år vil ho ligge ubrukt. Vi har noko av slike ting som ligg og forfell, seier Helge Kårstad.