Klima- og miljødepartementet ankar dommen i saka om lisensfelling av ulv

Klimakur 2030: Tiltak i skog
5. februar 2020
Arbeiderpartiet vil gjøre det lettere å skyte ulv
6. februar 2020

Klima- og miljødepartementet ankar dommen i saka om lisensfelling av ulv

Borgarting lagmannsrett har kome til at to vedtak frå 2017 om felling av ulvane i revira Julussa og Osdalen er ugyldige. Staten, ved Klima- og miljødepartementet, har bestemt seg for å anke dommen til Høgsterett.

– Eg meiner det er viktig at Høgsterett tek endeleg stilling til desse rettslege spørsmåla, slik at me får ei klargjering av korleis naturmangfaldlova er å forstå. Ein kan vere for eller mot lisensfelling av ulv, men vi må uansett ha klart for oss kva rettslege rammer som gjeld, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

 

Usemja gjeld tolkinga og bruken av naturmangfaldlova § 18 fyrste ledd bokstav c.

 

Klima- og miljødepartementet vil saman med staten sin prosessfullmektig utarbeide ei ankefråsegn innan ankefristen 29. februar 2020.

 

Bakgrunnen for saka er at eit fleirtall i Borgarting lagmannsrett har funne at Klima- og miljødepartementet sine vedtak frå 2017 om lisensfelling av ulvane i Julussa- og Osdalsrevira ikkje er gyldige.