Krev at merking blir fjerna: – Utgangspunktet er at det er ulovleg å merka stiar i verneområdet

Brev til Klima- og miljøminister Ola Elvestuen
21. oktober 2019
NORSKOG på høring: Alle arealer har en verdi
22. oktober 2019

Krev at merking blir fjerna: – Utgangspunktet er at det er ulovleg å merka stiar i verneområdet

Ein sti frå Legdaskaret til utkikkspunktet Skomakernipa i Nærøyfjorden landskapsvernområde er blitt merkt i strid med reglane.

Merkinga med raudmåling og vardar er ikkje søkt om, og er derfor i strid med reglane for verneområdet, skriv verneområdestyret i ei pressemelding.

Verneområdeforvaltarane oppdaga dette på ei synfaring i haust. Det dukka opp ein ny, godt merkt sti inne i verneområdet, utan at nokon har søkt.

– Utgangspunktet er at det er ulovleg å merka stiar i Nærøyfjorden landskapsvernområde, seier verneområdeforvaltar Anbjørg Nornes.

– Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til oppmerking og varding av nye fotturruter, men då er ein nøydd til å søkja først.

Skomakarnipa er ifølgje pressemeldinga eit turmål som har blitt veldig populært den seinare tida etter at folk har delt bilete i sosiale media av den storslagne utsikta, men det har tidlegare ikkje gått nokon sti hit. Utkikkspunktet ligg i eit elles villmarksprega område der det er beiteområde for villrein om vinteren, og der det i utgangspunktet ikkje har vore planlagt tilrettelegging for turgåarar.

Saka vart handsama på styremøte i Nærøyfjorden verneområdestyre 18. september, der det vart bestemt at oppfølging av saka i første runde vil vera å informera om vernereglane og be om at ulovleg merking vert fjerna.

– Sannsynlegvis har dei som har merkt stien handla i god tru, seier styreleiar Noralv Distad, og styret vil gje dei ein sjanse til å retta opp att feilen.

Dette har i ettertid vist seg å vere riktig, då dei som har merkt stien har meldt seg, og tek no ansvar for å fjerna merkinga igjen så godt det let seg gjera. Samstundes understrekar Distad at dette er eit brot på lova, og at dersom det blir oppdaga ny ulovleg merking i området, vil det bli vurdert politimelding.