Miljødirektoratet har ingen plan for CWD-funn på Hardangervidda

#Motkultur Frivillig vern av skog = dårlig forvaltning
6. februar 2019
Fylkesnytt fra Agder 1/2019
6. februar 2019

Miljødirektoratet har ingen plan for CWD-funn på Hardangervidda

Samstundes som reinstamma er lågare ønska, kjenner Hardangervidda villreinutval presset om å sikra CWD-prøvar.

DEL – Stamma er i dag på eit knekkpunkt, og om me kjem under dagens storleik vil me slita med å få den opp att. Om me berre tek ut bukk går det ikkje ut over produksjonsdyra, seier Ragnar Ystanes.

Han er leiar i Hardangervidda villreinutvalet, og har vore i Oslo for å diskutera CWD-problematikken med representantar frå Veterinærinstituttet, Mattilsynet, Miljødirektoratet og Villreinnemnda. Det er gitt signal frå Mattilsynet om behov for eit høgt jaktuttak dei neste åra, samstundes som ein lokalt meiner det er viktig å ikkje redusera talet på dyr ytterlegare.

– Skal me få det til som dei vil, vert det ei rein bukkejakt til hausten. Dei vil nesten ta ut all vaksen bukk, for ein ser for seg at eventuell smitte på Hardangervidda er å finna bland vaksne bukkar då kalvar og åringar ikkje har rekt å verta smitta, forklarar Ystanes.

Over 33 000 hjortedyr testet for skrantesyke i 2018

Nedgang i villreinjakta

Mattilsynet vil ha betre dialog om CWD-prøvar

Merkar press for kvote

I mars skreiv HF at villreinutval et anslo at det var 7.000 dyr før kalving. Dette er lågare enn forvaltninga har lagt til grunn dei siste åra, og førte til at mellom anna NINA fekk kritikk.

– Jaktuttaket må aukast kraftig i forhold til det ein hadde i 2018 for å få ei friskmelding innan fem til sju år. Ein må få inn fleire prøvar og meir prøvar frå bukk, opplyste Kristian Hoel under Hardangervidda villreinområde sitt haustmøte i fjor.

Han er seksjonsleiar ved Veterinærinstituttet og forklarte då om deira arbeid med CWD-prøvar. Reinen i Nordfjella sone 1 vart teke ut etter funn av CWD, og dyra på Hardangervidda er aktuelle når ein skal reetablera denne stamma.

Det er Veterinærinstituttet som jobbar med modellane for uttak, og dei har lagt NINA sine tal til grunn. Ystanes synest at dei verkar villige til å justera seg etter det reelle talet, og håpar at ein kan ha tettare dialog.

– Presset frå Mattilsynet og signala om mange prøvar er der, og utvalet vil no laga eit forslag til kvote. Dette er truleg klart i midten av februar, kommenterer leiaren i utvalet.

Han legg til at dersom ein skal sikra så mange prøvar som myndigheitene ønskjer, kan det vera aktuelt å starta reinsjakta tidlegare enn 20. august. I fjor truga Mattilsynet med statleg uttak dersom jegerane ikkje klarte å sikra nok CWD-prøvar, og dette skal framleis vera aktuelt.

Hardanger Folkeblad har vore i kontakt med Mattilsynet. Dei viser til Miljødirektoratet som tek avgjerder i saka.

Har ingen plan for CWD-funn

Dette svarar Miljødirektoratet om bestand og prøvetaking på Hardangervidda.

– Kva er status for uttak i 2019?

– Det er Villreinnemnda som fastsetter kvoten for uttak, etter forslag fra villreinutvalet, svarar Erik Lund seniorrådgiver i Miljødirektoratet.

– Kor mange dyr vil de ta ut, og når vert talet eventuelt avgjort?

– Spørsmålet må rettes til villreinutvalet.

– Kva legg de til grunn når de tek avgjerd om uttak?

– Det forutsettes at utvalet tar høyde for tilrådinger fra Mattilsynet og Veterinærinstituttet når de foreslår fellingskvote for 2019. Disse tilrådinger vil legge til rette for et uttak som gir en størst mulig sikkerhet for at dyr på Hardangervidda ikke er smittet med skrantesjuke.

– Hardangervidda villreinutval anslo i fjor at det er 7.000 dyr på Hardangervidda, noko som er lågare enn både bestandsmålet og tala ein har lagt til grunn for forvaltning dei siste åra. Mange jegerar er difor uroa over at stort uttak no vil gjera stamma for liten, har de kommentar til dette?

– Et uttak som tar sikte på en best mulig testing for skrantesjuke vil i hovedsak rettes mot voksen bukk. Dette vil ikke påvirke dyretallet i negativ retning – kanskje tvert imot. Kjønnsbalansen blir derimot endret for en periode, men dette vil ikke gå ut over produksjonen.

– Kva gjere ein ved funn av CWD på Hardangervidda?

– Her foreligger ingen plan, kommenterer Lund.