Kurs i Norsk PEFC Skogstandard
26. oktober 2017
Käppar i hjulen för bioenergin
27. oktober 2017

Mistanke om skrantesjuke på hjort i Møre og Romsdal

-Dette er bekymringsfullt. Til no har vi kun funne smitten på villrein i Nordfjella og på elg i Trøndelag, seier Karen Johanne Baalsrud, direktør for planter og dyr i Mattilsynet.

Ti tilfelle

Før den nye mistanken, er det påvist tilsaman ti tilfeller av skrantesjuke i Noreg etter at Veterinærinstituttet gjorde den første påvisinga i april 2016. Dei ti tilfella er sju villrein frå Nordfjella og tre elgar frå Selbu og Lierne i Trøndelag. Hjorten det no er mistanke om kan vere smitta, er ei eldre kolle frå Gjemnes kommune. Endeleg analysesvar er venta i veke 44, opplyser Mattilsynet.