Jakthunder mest utsatt for ulveangrep
13. desember 2018
Elkem Rana vil også bruke flis
14. desember 2018

#Motkultur Regjeringa forvaltar ulven i samsvar med Stortinget sine føringar

Del

Eventyra er folkeforteljingar med snert, vidd og eit snev av sanning, men når Gunnar A. Gundersen 10. desember i Nationen lagar ei forteljing om ulven, makta og folket, er det mykje eventyr og lite som er faktaorientert og riktig.

Noko av det beste vi kan gjere for å sikre demokratiet er å føre gode prosessar, slik at det vert sett lys på alle sider av ei sak før vedtak fattast. Det gjeld også for vedtak om lisensfelling av ulv innanfor ulvesona.

I sommar fatta rovviltnemndene i region 4 og 5 vedtak om å felle tre ulveflokkar innanfor ulvesona. Dette vedtaket er klaga på og saka vert derfor handsama i Klima- og miljødepartementet. Uansett Gundersen sitt syn, er dette ei krevjande sak. Departementet har heile vegen lagt opp til at eit vedtak skal ferdigstillast i god tid før lisensfellingsstart.

Stortinget sine føringar om ulv skal tolkast i samsvar med naturmangfaldlova og innanfor rammene av Bernkonvensjonen. Vi minnar også om at Stortinget ikkje vedtok endringar i naturmangfaldlova i 2017, men kom med utdjupande forståing av lova, såkalla etterarbeid. Desse fylgjer vi opp.

Gundersen forsøker å trekkje parallellar mellom forvaltninga av ulven og den spente situasjonen som vi i dag ser i Frankrike. Eg vil minne om at det er gjennomført mange undersøkingar om korleis folk stiller seg til ulv i Noreg. Alle undersøkingar viser at folk er positive til å ha ulv i norsk natur, også på bygda.

Vi i Noreg kan vere stolte over at vi har eit profesjonelt, lojalt og godt skolert byråkrati. Byråkratiet er sekretariatet for politisk leiing, og bidreg til iverksetting av vedtatt politikk. Det er òg tilfelle i Klima- og miljødepartementet. Ein kunne vente seg at Gundersen, som har vore lenge på Stortinget, burde ha fått med seg at det er statsråden som er ansvarleg overfor Stortinget.

Det er eit fleirtal på Stortinget som står bak føringane i ulvepolitikken, og ikkje enkelte særinteresser eller grupper, slik som Gundersen antydar. Høgre har vore i regjering sidan 2013 og har fram til starten av 2018 leia Klima- og miljødepartementet. Det er derfor vanskeleg å sjå at Klima- og miljødepartementet vert kjenneteikna ved at det vert styrt av særinteresser.

Gundersen sine påstandar om departementet er ikkje eit demokrati verdig, og bidreg berre til polarisering og symbolpolitikk som han sjølv ser seg tent med. Verken oppfylginga av fleirtalsvedtaket om ulv frå 2016 eller klagevedtaket om lisensfelling av ulv innanfor ulvesona blir unødig trenert.

Eg ber om større respekt frå Gundersen for nettopp å ta vare på demokratiet og dei prosessane som er nødvendig for å få dette til.

Del