God vekst og solid resultat for Bergene Holm
9. mai 2019
«Tenk Tre» – norsk tre er fremtiden
10. mai 2019

Norsk gran kan bli til iskrem og ost

Viten er Aftenpostens satsing på forskning og vitenskap, der forskere og fagfolk fra hele landet bidrar med artikler.

Ei raud og kvitflekka ku spaserer velvillig inn i fôringsroboten. Maskinen kjenner att det knallgule halsbandet kua har rundt halsen og serverer henne ein spesialdiett som fort får bein å gå på.

Denne våren har 48 av mjølkekyrne ved NMBU sitt Senter for husdyrforsøk vore med i viktig forsking. I åtte veker fekk 16 av kyrne erstatta soyaen i kraftfôret sitt med gjærsopp frå forskingsprosjektet Foods of Norway.

Frå tre til sukker

Du las riktig. Gjærsopp. Den er minst like rik på protein som importert soya og kan produserast lokalt – av norske grantre. Tre kan nemleg bli til sukker, som gjæren treng for å veksa. Den unike prosessen som gjer det mogeleg å laga husdyrfôr av biprodukt frå skogindustrien, er utvikla av Borregaard, i samarbeid med NMBU.

Det er denne typen innovasjon Aftenposten-spaltist Anita Krohn Traaseth refererer til når ho snakkar om at me no er inne i ei fjerde «trebølgje» i Noreg (13. april).

Skogen er nok ein gong i ferd med å få ei viktig rolle i norsk økonomi. Denne trerenessansen er eit viktig steg i retning av ein grøn og berekraftig bioøkonomi, der verdiskapinga tek utgangspunkt i fornybare bioressursar frå hav, jord og skog.

Proteinrikt gjærmjøl

Prosessen frå «flis til is» startar med restane frå skogindustrien, som blir kutta til flis. Trefibrane i tømmerflisa blir så spalta til lignin og cellulose ved hjelp av varme og kjemikaliar. Dette gjer fibrane meir tilgjengelege for spesielle enzym, som er i stand til å bryta ned cellulosen til sukker. Gjæren blir deretter «mata» med dette tresukkeret i ein stor tank.

Når fermenteringsprosessen er ferdig, er tanken full av tjuktflytande, lysebrun væske. Gjæren blir hausta, sentrifugert og tørka til eit proteinrikt gjærmjøl.

Les også: Trær, tang og tare er den nye proteinrike maten

Gjennom fleire års forsking har Foods of Norway allereie dokumentert at dette gjærmjølet kan erstatta soya som proteinkjelde i kraftfôret til gris og laks. No jobbar me for å finna ut om det også gjeld mjølkekyr. Svaret er avhengig av korleis kua og mjølka reagerer på det nye gjærfôret.

Har kua like god appetitt som når ho får soya i fôret? Mjølkar ho like godt? Er mjølka og mjølkeprodukta av like god kvalitet? Har kua minst like god helse?

12.000 liter mjølk

I samarbeid med TINE og Felleskjøpet Fôrutvikling har me nyleg samla inn informasjon om mjølkeyting, næringsinnhaldet i mjølka, vom-miljøet og den generelle helsa til kyr som får gjærfôr i staden for soya. Kvaliteten på mjølkeprodukta er også viktig.

Av 12.000 liter mjølk frå forsøket har me laga 420 kilo ost, 300 liter iskrem og 30 kilo smør i meieri-pilotanlegget ved NMBU. Smak, ystingseigenskapar og næringsinnhald er viktige parameter når me no skal vurdera om produkta held mål.

Les også: På et laboratorium i Ås dyrker de frem kjøtt. Vil det erstatte kua?

Pr. i dag har ikkje Noreg infrastruktur til å produsera gjær i storskala. Gjæren til dette forsøket måtte me henta frå den estlandske fabrikken til Lallemand, verdas største produsent av gjær. Lallemand sin gjær er laga med melasse som gjæringsmedium, men blir heilt lik den som er laga på tresukker.

Resultata frå vårens mjølkekuforsøk gir oss difor viktig erfaring og kan bidra til utviklinga av ein norsk fôrproteinindustri, basert på fornybare biprodukt frå skogindustrien.

Potensialet i skogen

Krohn Traaseth har rett i at nok kunnskap og nok kapital er ei av dei største utfordringane ved å utnytta potensialet i skogen – mellom anna til kortreist dyrefôr. Forskarane kan bidra med det første. Kapital, investeringsvilje og gode rammevilkår er det industrien og politikarane som må legga på bordet.

Det er det svært gode grunnar til å gjera. Produksjonen av gjær har eit lågt klimaavtrykk. Den krev ikkje landbruksareal, lite ferskvatn og tek utgangspunkt i lokale råvarer. Om den norske kua, grisen og laksen kan få proteinbehovet sitt dekt av heilnorsk og berekraftig fôr, står me dessutan langt betre rusta i ei framtid der klimaendringar, rask befolkningsvest og politisk uro vil gjera det stadig vanskelegare å skaffa nok mat til alle.

Følg Aftenposten Viten på Facebook og Twitter!