Tala bak Arealbarometeret er henta frå ulike temakart som NIBIO utarbeider. Alle desse karta ligg på kartportalen Kilden som ein kan klikke seg direkte inn på frå Arealbarometeret.
Tidlegare blei Arealbarometer laga ved å hente og sette saman informasjon frå ulike kjelder gjennom manuelle prosessar som munna ut i eit statisk pdf-dokument. Det var eit arbeidskrevjande og sårbart system. Sidan den nye løysninga hentar informasjon direkte frå databasar, er det ein dynamisk versjon av nye arealbarometeret som no er tatt i bruk. Når endringar skjer i basen, vil og arealbarometeret bli oppdatert.