Svar på skriftlig spørsmål om personlig eierskap i landbruket
19. februar 2019
Virkeslagren åter på normala nivåer
20. februar 2019

Separerer seg etter 40 år for å behalde garden

I Noreg må ektepar vere folkeregistrert på same adresse. Det har blitt eit problem for Harald Håkenrud, som for to år sidan fekk oppfylt draumen om sitt eige småbruk i Vinje i Telemark.

No får han ikkje lov til å melde flytting dit fordi kona bur og arbeider i Nord-Odal i Hedmark. Då får han heller ikkje oppfylt buplikta på garden.

Kona synest det er trasig at det no går mot skilsmisse, men ser ingen annan utveg dersom ektemannen skal få behalde småbruket.

– Me er gifte, men lever litt kvar for oss og mykje i lag – og det er vel litt i tråd med korleis mange folk lever liva sine i dag, seier ho.

Ber om at garden blir selt

Vinje kommune har bede Håkenrud selje garden innan utgangen av mars dersom ikkje han og kona flyttar dit før den tid.

– Det var eit kjent vilkår då han fekk konsesjon at han skulle flytte til garden innan ei viss frist, seier Tone Edland (Sp), leiar for planutvalet i Vinje.

Ho understrekar at det er svært viktig for kommunen at det bur folk på slike stader.

Håkenrud har dokumentert at han sjølv bur der over femti prosent av tida, men sidan han er gift er ikkje det nok for å få godkjent flyttinga offisielt. Han innrømmer at han brote fristane kommunen har sett.

– Eg trudde det var ein formalitet å få godkjent flyttinga. Eg tenkte ikkje på at Randi også måtte bu her over femti prosent, for det er berre eg som står som eigar av garden.

Strengare reglar for flytting

I 2009 bestemte Landbruksdepartementet at det ikkje skulle vere nok å dokumentere at ein bur over halvparten av tida ein stad for å oppfylle buplikta. No må ein melde flytting i folkeregisteret.

Landbruksdirektør hos fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Helge Nymoen, seier målet var å forenkle saksbehandlinga i bupliktsaker.

– Det kravde svært mykje ressursar hos kommunane å kontrollere at folk faktisk budde der dei skulle bu over halvparten av tida, seier Nymoen.

– Stivbeint regelverk

Det er andre gong på kort tid at NRK omtalar ei sak der ektepar tek ut separasjon for å oppfylle buplikta.

Advokat Torkel Moen i Skien har arbeidd mykje med bupliktsaker. Han seier han ser mange døme på at reglane for buplikt gjer det vanskeleg for folk å leve dei liva dei ynskjer.

– Det er ein veldig uheldig situasjon at regelverket er blitt så stivbeint, meiner Moen.

– Kommunalt sjølvstyre er viktig

Ekteparet Håkenrud har klaga saka si inn til Fylkesmannen. Landbruksdirektøren seier det er sjeldan dei overprøver bupliktsaker når kommunen har teke ei avgjerd.

– Me meiner handtering av buplikt er ein viktig del av det kommunale sjølvstyret, seier Nymoen.

Klagesaka til Håkenrud-paret er så langt ikkje behandla. Og får dei nei har dei separasjonspapira klare, sjølv om det er trist, seier Harald:

– Me har vore gift i 40 år. Så då skal det vel gå greitt å vere skilt i 10–20 år òg. Me får gjere det på den måten.