Så har priserna för skogsfastigheter förändrats
31. august 2018
Bård Hoksrud er ny landbruks- og matminister
3. september 2018

Svar på spm. nr. 2110 frå stortingsrepresentant Geir Pollestad

Eg viser til brev 24. august 2018 frå Stortingets president vedlagt følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad:

Kor mykje er formueskatten redusert om ein tek omsyn til både endringar i sats og endringar i fastsetting av verdiar?

Grunngjeving:

Regjeringa skryt ofte over kor mykje skatten og formueskatten er redusert. Mi erfaring er at mange næringsdrivande opplever at dei betaler meir i formueskatt no enn før. Særleg gjeld det dei som har mykje arbeidande kapital.

Det er ynskjeleg å få eit oversyn over kva provenyendring som har vore kvart ar sidan 2013 som fylgje av både satsendringar men og som fylgje av endra verdifastsetting i formueskatten.

Svar:

Regjeringa har redusert formuesskatten med om lag 6,1 mrd. kroner over perioden 2014-2018, rekna som summen av dei berekna skattelettene i det enkelte budsjettåret prisjustert til 2018-kroner. Dette er netto skattelette, det vil seie at berekningane tek omsyn til auka verdsetting av sekundærbustad og næringseigedom. På grunn av samspelsverknader gjev det ikkje meining å splitte opp letten i formuesskatten på dei ulike komponentane.

I 2014 vart satsen i formuesskatten redusert frå 1,1 pst. til 1 pst., og botnfrådraget auka frå 870 000 kroner til 1 mill. kroner. Formuesverdiane av næringseigedom og sekundærbustad vart auka frå 40 til 50 pst. av berekna marknadsverdi. Det gav ei netto skattelette på om lag 1 755 mill. 2018-kroner.

I 2015 vart satsen i formuesskatten redusert til 0,85 pst. og botnfrådraget auka til 1,2 mill. kroner. Formuesverdiane av næringseigedom og sekundærbustad vart auka til 70 pst. av berekna marknadsverdi. Det gav ei netto skattelette på om lag 2 930 mill. 2018-kroner.

I 2016 vart botnfrådraget auka til 1,4 mill. kroner. Formuesverdiane av næringseigedom og sekundærbustad vart auka til 80 pst. av berekna marknadsverdi. Det gav ei netto skattelette på om lag 405 mill. 2018-kroner.

I 2017 vart det innført ein ny verdsettingsrabatt på 10 pst. for aksjar og driftsmiddel og tilhørande gjeld. Verdsettingsrabatten for sekundærbustad vart redusert frå 20 til 10 pst., og verdien av tilhøyrande gjeld vart redusert tilsvarande verdsettingsrabatten. Næringseigedom hadde framleis ein samla verdsettingsrabatt på 20 pst. Botnfrådraget vart auka til 1,48 mill. kroner. Det gav ei netto skattelette på om lag 285 mill. 2018-kroner.

I 2018 vart verdsettingsrabatten for aksjar og driftsmiddel auka til 20 pst. Den særskilte rabatten for næringseigedom ått gjennom selskap vart avvikla for å unngå at slik eigedom fekk rabatt både i eigedomsverdien og aksjeverdien. Botnfrådraget vart vidareført nominelt, noko som gav ei reell skattelette på grunn av forventa svakt negativ formuesvekst frå 2017 til 2018. Dette gav ei netto skattelette på om lag 765 mill. kroner påløpt i 2018.

Sjølv om regjeringa har gjeve betydelege letter i formuesskatten, har inntektene frå formuesskatten ikkje vorte redusert noko særleg. Det heng saman med at marknadsverdiane har auka, noko som er positivt for skattytarane og økonomien. Sjølv om formuesverdiane av sekundærbustad og næringseigedom har vorte auka, er det først og fremst den økonomiske utviklinga som har medverka til at formuesskatten kan ha auka, trass i betydelege letter frå regjeringa. Ein kan også sjå noko tilsvarande i for eksempel skattlegginga av inntekt. Sjølv om inntektsskatten går ned, kan ein likevel betale meir i inntektsskatt (i nominelle kroner) frå eit år til eit anna, fordi inntekta aukar. Lettelsene må derfor målast i forhold til kva skatten hadde vore om det ikkje vart gitt lette.

Med helsing

Siv Jensen