Blandade känslor efter mötet på sågen – håller tummarna för en framtid: «Hoppas verkligen att det blir av»
18. desember 2019
Hva betyr naturtype-kartlegging for skogeier?
18. desember 2019

Vernar kystfurukog

Dei tre nyleg verna områda her i fylket er Bugen naturreservat og Gaddeskogsvatnet naturreservat i Bremanger kommune, i tillegg til Sørebødalen naturreservat i Høyanger kommune. Alle dei tre områda er verna gjennom ordninga med frivillig skogvern.

På devonsk berggrunn

Om Gaddeskogsvatnet naturreservat heiter det at føremålet med naturreservatet er å ta vare på eit område som representerer ein bestemt type natur i form av lite påverka skogområde med kystfuruskog på devonsk berggrunn, og som inneheld ein mosaikk av furuskog, bjørkeskog, myr, ferskvatn og snaue fjellknausar.

Det er ei målsetjing å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørt tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på om lag 1670 dekar.

Vernereglar

I naturreservatet gjeld mellom anna følgjande vernereglar:

* Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp inkludert lav eller deler av disse frå naturreservatet. Planting eller såing av tre og annan vegetasjon er forbode.

* Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødig forstyrring. Utsetting av dyr er forbode.

* Det må ikkje settast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som f.eks. oppføring av bygningar, anlegg, gjerde, andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker e.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling eller lagring av masse, utføring av kloakk eller anna form for forureining, etterlating av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske utryddingsmiddel. Forsøpling er forbode.

Kan beite og jakte

* Vernereglane er ikkje til hinder for beiting, sanking av bær og matsopp.

*Det er også lov med jakt og fangst og felling av store rovdyr i samsvar med gjeldande lovverk.

*All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

*Det kan utarbeidast forvaltningsplan med nærare retningslinjer for forvaltning av naturreservatet. Forvaltningsplanen kan innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel.

Bugen naturreservat

Om Bugen naturreservat heiter det at føremålet med naturreservatet er å ta vare på eit område som representerer ein bestemt type natur i form av lite påverka, gammal og variert furu- og bjørkeskog med førekomstar av fleire sjeldne artar.

Naturreservatet dekker eit totalareal på ca. 385 dekar

Vernereglane i Bugen naturreservat er i stor grad dei same som for Gaddeskogsvatnet naturreservat.

Målet er å verne 10 %

Stortinget vedtok i 2016 eit mål om vern av 10 prosent av skogarealet i Norge. Til no er det verna om lag 3,8 prosent av den produktive skogen i landet og nær 5 prosent av det samla skogarealet.

Det finst ni truga naturtypar og meir enn 1100 truga arter i skogane i Noreg. Hundrevis av insektarter, sopparter og enkelte fuglar er avhengige av daud ved og gamal skog.

Nasjonale og internasjonale mål

I tillegg til å bidra til å nå målet om 10 prosent skogvern, vil vernevedtaket med 28 nye område òg bidra til å oppnå to nasjonal mål for naturmangfald:

• Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for komande generasjonar.

• Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast.

Vernevedtaket vil òg bidra til å nå internasjonale mål, blant anna målet i FN-konvensjonen om vern og bevaring av område som er viktige for biologisk mangfald.

Frivillig skogvern

Frivillig vern av skog betyr at miljøforvaltninga definerer kva for skogtypar og skogareal det er viktig å verne. Ut frå dette tilbyr skogeigar areal for vern. Miljøforvaltninga vurderer om området har naturfaglege kvalitetar som tilseier vern, og deretter forhandlar skogeigar og staten fram til ein avtale.

Skogeigar avstår retten til å drive skogbruk i naturreservatet, og vil derfor få erstatning for tapet av framtidige inntekter frå skogbruk i området. Normalt vil jakt, fiske og hausting av bær og matsopp framleis vere tillate. Skogeigar har framleis eigedomsretten og jakt- fiske og beiterettar i området. Eventuelle hytter eller setrar kan han eller ho bruke og halde ved like som før. Dersom skogeigar ikkje er nøgd med utfallet kan eigar trekke seg undervegs i verneprosessen og bruke skogen som før.

Kjelder: Fylkesmannen og Klima- og miljødepartementet