Vet du hva det betyr? – No er det sirkulærøkonomi som tel

FSC och svenskt skogsbruk ur ett internationellt perspektiv
23. september 2019
Høring – Forslag til forskrift om regionale tilskudd til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket
23. september 2019

Vet du hva det betyr? – No er det sirkulærøkonomi som tel

Dei siste åra har det dukka opp nye omgrep, som «det grøne skiftet» og «sirkulærøkonomi». For oss som lange har jobba med dette saksområdet, kan vi oppleve desse orda som keisaren sine nye klede.

Sjølv om innhaldet i omgrepa ikkje er nytt, har teknologisk, miljømessig og sosial utvikling gjort potensialet vesentleg større, på tvers av bransjar og geografi.

Kva er så sirkulærøkonomi? I tida etter andre verdskrigen hadde eit produkt ofte følgjande livsløp: Utvinning av råvarer, foredling til ferdigprodukt og bruk av produktet til det vert kasta. Vi kjøpte, brukte og kasta ressursar. Dette var forbrukssamfunnet, vi var forbrukarar, vi brukte opp ressursane og kasta dei på dynga. I politikar- og forskarspråkdrakt heiter dette no «linærøkonomi», der ressursane kjem inn frå eine sida og vert kast ut på den andre sida.

Sirkulærøkonomi er det motsette av linærøkonomi. I ein sirkulær økonomi vert mykje av ressursane nytta om igjen. I ein perfekt sirkulær økonomi vert det ikkje avfall i det heile tatt. I ein sirkulærøkonomi har ein snudd linærøkonomien på hovudet, slik avfallspyramiden viser. Det beste er å lage mindre avfall. Vidare brukar vi ting om igjen, eventuelt lage noko nytt av brukt. Verre er det å brenne avfallet, men det er i alle fall betre enn å legge avfallet på fyllinga.

For å få til dette, krev det samhandling mellom styresmakter, verksemder og brukarar/kjøparar av produkt og tenester. Forskarane er i forkant, men det er du og eg som individ og vi som folk som har makta, der vi må presse styresmaktene og verksemdene til god utvikling gjennom våre val og handlingar.

På Innherred har vi lenge jobba med sirkuleringstanken, og er på nokre område leiande i nasjonal samanheng. Innan bioenergi var aktørar som InnTre, Statkraft, Innherred Biovarme og Nord-Energi tidleg ute og tilbydde sine tenester, der TINE, kommunane, Statsbygg og andre var klare til å kjøpe biovarme. Innherred Renovasjon var dristige og bygde den første storskala biogassfabrikken i Norge, basert på slam og matavfall.

Biokraft sin biogassfabrikk på Skogn er eit lokalt døme på kva sirkulærøkonomi er. Fabrikken på Skogn, er verdas første storskala produsent av flytande biogass (LBG). Råvarene til biogassproduksjonen er avfall og biprodukt frå fiskeoppdrett og Norske Skog. Biogassen erstattar fossile drivstoff i transport, og den faste bioresten vert til klimavenleg gjødning for landbruket. Det gode tiltaket på Fiborgtangen er resultat av god samhandling mellom kommune, industri, havbruk, landbruk, offentlege verkemidlar, forskarar, krevjande kundar og ikkje minst uthaldande gründarar.

Forskarane Bocken, Bakker, de Pau 1) skriv at det er tre ulike måtar å utvikle meir berekraftige produksjonsøkonomiar: Senking (slowing), lukking (closing) og innsnevring (narrowing) av ressursbruken i produksjonsprosessane.

Vi kan senke ressursbruken ved å lage produkt som fungerer, varer, kan reparerast, oppgraderast og delar kan brukast om igjen. Minst like viktig er det at vi som brukarar og tenestekjøparar vel å dele på ressursane med andre, som til dømes å dele på bilbruk, leige verktøy, fritidsbustad, festklede og så vidare.

Eksempel på lukking av ressursstraumar er gjenbruk av materiale, som vi kjenner frå sortering og innsamling av avfall i heimen, på byggeplassane og i butikken. For å senke og lukke ressursbruken er det også viktig at industriverksemdene utviklar symbiose ved at dei nyttar seg av ressursane til kvarandre, slik vi finn gode døme på Fiborgtangen og i Verdal Industripark. Som individ og familiar kan vi selje eller gje bort brukte og brukbare klede, leikar, møblar og andre saker som ikkje lenger er i bruk.

Innsnevring av ressursstraumar skjer ved at vi tek i bruk ny teknologi, som vert til effektive produkt og løysingar. Gjerrige bilar, led-lyspærer, varmepumper, smarte hus oppgradering av vasskraftanlegg er døme på innsnevring av ressursbruk.

Vi på Nord universitet driv forsking og utdanning relatert til sirkulærøkonomi. Professor Ove Daniel Jakobsen ved Senter for økologisk økonomi, er blant pionerane innan forsking i skjeringsfeltet mellom økonomi, natur og kultur. PhD-kandidat Lars Hovdan Molden og kollegaer på Innherred har utvikla og skaffa finansiering til programmet «Digital innovasjon og grønn bærekraft – DigInn». I samarbeid med lokale verksemder skal ein ved Nord universitet bygge opp eit nasjonalt leiande og internasjonalt anerkjend fagmiljø som driv med næringsrelevant forsking og utdanning i skjeringspunktet mellom innovasjon, digitalisering og grøn berekraft.

I koplinga mellom Namdalen og Innherred, mellom blå og grøn sektor, har vi store mogelegheiter for lønsam og berekraftig verdiskaping. Eit konkret eksempel er å la biorest bli mat for effektive proteinkjelder som insekt og larvar. Samarbeid og arbeidsdeling mellom Nord, NIBIO, NTNU og SINTEF gjer det mogeleg å få til teknologisk, biologisk, organisatorisk og forretningsmessig forsking og utvikling i nær relasjon til næringsaktørar og ressurseigarar.

Vi vil bli eit samfunn bygd for berekraft gjennom sirkulærøkonomi. Vi som kjøparar og brukarar av produkt og tenester skal ikkje kjenne på forvirring og skam, men vite at vi enkelt kan fylle vår rolle i eit godt og levande samfunn.

Kjelde: 1) Nancy M. P. Bocken, Ingrid de Pauw, Conny Bakker & Bram van der Grinten (2016) Product design and business model strategies for a circular economy, Journal of Industrial and Production Engineering

Ove Taranger Nesbø

PhD-kandidat ved Nord universitet