105 millionar til 15 innovasjonsprosjekt
23. februar 2018
Frykter for fuglene i hekketiden
26. februar 2018

Aktuelt

Villreinbestanden på Hardangervidda er i fylgje villreinutvalet redusert, dette får konsekvensar for jakta til hausten. Foto: Kjell Bitustøyl

Tre ulike teljingar av villreinstamma på Hardangervidda viser ein langt lågare bestandsstorleik og kalvetilvekst enn tidlegare fastsette bestandsmål. Villreinutvalet for Hardangervidda, som er ansvarlege for desse teljingane, opererer med eit tal på under 8000 vinterdyr, kanskje så få som 7000 dyr.

Kalveteljingane det mest faste haldepunktet

Desse opplysningane kjem fram i eit høyringsnotat som er sendt ut og som handlar om fastsetting av kvotar for jakta på Hardangervidda for 2018. Villreinutvalet føretek kvart år ei vurdering av bestanden i samband med framlegget til kvotar for jakta til hausten. Desse vurderingane byggjer på fellingsresultat, gjennomførte teljingar og vurdering av daude dyr utanom jaktuttaket. Dei siste åra er det i hovudsak kalveteljingane som har vore det mest faste haldepunktet i høve til vurderingane som er gjort. Villreinutvalet skriv at resultatet av kalveteljingane «har antydet en bestandsstørrelse og tilvekst som virker noe høyt sett opp mot andre observasjoner.»

Minimumsteljingar

Dei to siste minimumsteljingane av heile vidda blei gjennomført i 2013 og 2014, dei to påfylgjande åra klara ein ikkje å få gjennomført slike teljingar. Etter dette er det gjennomført reduserte teljingar på dei austre delar av vidda, i periodar der GPS-merka simler har vist at dyra gjeng på eit avgrensa areal, dette for å betre kunne vurdere storleiken på stamma. At ein i 2017 og så langt i 2018 berre har fått gjennomført teljingar på delar av vidda med tal som ligg mellom 6400 og 6800 dyr er ikkje nødvendigvis eit bevis på at dette resultatet er riktig. Likevel meiner utvalet – sett opp mot andre teljingsresultat, jaktforløp m.m. – at storleiken på bestanden og potensialet for kalvetilveksten er langt lågare enn fastsette bestandsmål.

Feil i kalveteljingane

Det er Norsk insituttt for naturforskning (NINA) som har ansvaret for kalveteljingane med bistand frå villreinutvalet. Og halde opp mot andre «teikn» på stammestorleiken, tyder mykje på at bestanden er redusert. Ein ny gjennomgang av kalveteljingane frå 2015-2017 gjort av villreinutvalet har vist at det kan ha blitt gjort diverse feil, dei har difor bede NINA om å gå gjennom materialet på nytt. Utvalet har til dømes sett kalvetilveksten for 2017 på 1673 i staden for det opphavlege talet frå NINA som låg på 1806. Nedgangen i talet på simler/ungdyr viser same nedgang som talet på dyr som er funne. Reduksjonen i fotograferte kalvar viser òg ein lågare kalvetilvekst enn ein trudde tidlegare.

I høve til naturleg avgang, naturleg død, er det i fylgje villreinutvalet vanskeleg å vurdere om dette har endra seg i dei seinare åra, likevel er dette lite truleg. Medan ein ser for seg at mellom anna innføring av nytt kontrollkort i 2015 kan har ført til underrapportering av felte dyr.

Langt lågare kvotar for 2018

Med eit bestandstal på 7000 til 8000 dyr før kalving seier det seg sjølv at dette får konsekvensar for jakta 2018. Villreinutvalet vil leggje opp til ein nettovekst i bestanden, noko som vil føre til ein svært låg kvote, 1500 dyr totalt er forslaget frå villreinutvalet. Om ein samanliknar med kvoten for 2017, 6000 dyr (9900 om ein reknar med kalv på simlekorta), er nedgangen dramatisk, sjølv om denne på grunn av at ein ville få inn flest mogleg skrantesjuke-prøver, var sett «for høgt».

Høyringsnotatet vil i tillegg til spørsmål om villreinutvalet sine kvoteforslag òg innehalde spørsmål knytt til framlegget frå Miljødirektoratet vedrørande fjerning av ordninga med kontrollkort. Svarfrist er 20. mars, så vil villreinutvalet i etterkant av vårmøtet 7. april vedta det endelege kvoteforslaget som blir sendt over til villreinnemnda.

villrein.no – Kjell Bitustøyl / Anders Mossing

This site is registered on wpml.org as a development site.