Har startet jakten på partner
7. januar 2020
Derfor nasjonalpark i Østmarka
7. januar 2020

Då Martin (32) starta nytt selskap vart det bråk: – Vi fekk eit tap på kring éin million

DEL – Dette førte til at maskinar og mannskap stod i ro i to månader, og vi fekk eit tap på kring éin million. Det er heile overskotet vårt, det, og litt surt, seier Braanaas til Firda.

Kasta ut av styret

Gardbrukaren og småbrukaren på Åsane i Førde starta skogsentreprenørselskapet Sunnfjord Skog AS saman med Tarje Kusslid hausten 2012. Dei har store skogsmaskinar og høgg tømmer for skogeigarar på Vestlandet.

Levenet starta då Braanaas og Kusslid og Sunnfjord Skog i fjor vår starta eit nytt selskap, Fjordtømmer AS, saman med mellom andre Ingunn Kjelstad i Gaular.

Fjordtømmer kjøper og sel tømmer og er såleis ein konkurrent til dei etablerte landbrukssamvirka (sjå faktaboks til slutt i artikkelen).

Dette fekk Norges Skogeierforbund og eitt av dei største medlemslaga deira, AT Skog, til å sjå raudt.

Ingunn Kjelstad vart kasta ut av styret i Norges Skogeierforbund, og tømmerhoggarane Braanaas og Kusslid frå Førde mista oppdrag for AT Skog. Sistnemnde organiserer kring 9500 medlemmer frå og med Vestfold til og med Vestland fylke.

Også fjordingar og sogningar, altså.

Les også

Starta to nye selskap. Kasta ut av styret i Norges Skogeierforbund

Sa sjølv opp avtale

Det var Sunnfjord Skog som sjølv sa opp samarbeidsavtalen i slutten av januar 2019, den gongen med Vestskog som nokre månader seinare gjekk inn i AT Skog.

Braanaas seier at dei gjorde dette for å spele med opne kort i høve til etableringa av Fjordtømmer AS, men at dei hadde framleis ei oppseiingstid på seks månader.

– Vi dreiv på eit hogstfelt i Naustdal då vi fekk beskjed frå kontoret til AT Skog i Skien at vi var sagt opp. Dette var fem veker før oppseiingstida gjekk ut, og det var eit brot på avtalen, seier Braanaas til Firda.

– Dette førte til at vi stod i ro i to månader og tapte kring ein million. Vi kunne ha starta Fjordtømmer i det skjulte, men hadde ikkje lyst å snike i dørene, seier Braanaas.

Han seier at Sunnfjord Skog AS bestemte seg for ikkje å forfølge saka, også fordi skogbruksmiljøet er lite, og dei vil møte kvarandre igjen i andre samanhengar.

Artikkelen held fram under bildet.

– Ein unaturleg situasjon

Administrerande direktør Anders Roger Øynes i AT Skog understrekar at det var Sunnfjord Skog som sjølv sa opp samarbeidsavtalen.

– Det er sjølvsagt også eit poeng at Sunnfjord Skog har gått inn i ei konkurrerande verksemd, og det ville vere ein unaturleg situasjon dersom ein konkurrent får fullt innsyn i våre avtalar, seier Øynes.

Martin Braanaas er styreleiar både i Sunnfjord Skog AS og i Fjordtømmer AS.

Firda kjenner til at då Sunnfjord skog fekk stoggordre frå AT Skog i juni, var det også grunngjeve med at det var overproduksjon av tømmer, mellom anna på grunn av billeangrep på skogar lenger sør i Europa, noko som førte til mykje hogst og store kvantum i marknaden.

– Er det irriterande at eit lite selskap som Fjordtømmer etablerer seg og tek opp konkurransen med dei store samvirkeføretaka som AT Skog?

– Nei. Vi lever i ein internasjonal tømmermarknad, og vi har ingen problem med at det kjem ein konkurrent til. At fleire vil satse på skogen, det er bra, det. Skogeigarane står fritt til å velje kven dei vil bruke, og målet vårt er at AT Skog skal vere best, seier Øynes.

Store samanslåingar

Fram til 2015 hadde Sogn og Fjordane sitt eige skogbrukssamvirke, eigd av skogeigarane. Dette året gjekk Sogn og Fjordane Skogeigarlag saman med Hordaland og Rogaland i Vestskog.

Våren 2019 fusjonerte Vestskog med AT Skog, og slo seg dermed saman med Agder, Telemark og Vestfold. AT Skog har hovudkontor i Skien og organiserer 96 lokale skogeigarlag, 38 av dei i Vestland fylke.

I dag er det fire store skogbrukssamvirke i Norges Skogeierforbund: Glommen Mjøsen SA (Hedmark, Oppland, Østfold), Viken Skog SA (Buskerud, Akershus), AT Skog SA (Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Agder, Telemark, Vestfold) og Allskog SA (Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland, Troms). Her har vi brukt dei gamle fylkesgrensene.

Fjordtømmer AS er eit privateigd selskap i Sunnfjord og er førebels ein liten utfordrar til det mektige samvirket.