Regjeringen har to år på seg
7. januar 2019
NORSKOG søker skogkonsulent
7. januar 2019

Ektepar separerte seg for å oppfylle buplikt

– Det er drastisk med separasjon, men vi såg ikkje annan utveg. Det var det einaste verkemiddelet vi hadde, seier Tor Grøthe.

Det var Firdaposten som først omtalte saka. Marianne og Tor Grøthe trudde dei kjøpte eit småbruk utan buplikt på Hauge i Bremanger kommune. Seinare viste det seg at dei likevel var plikta til å bu på eigedomen.

Forskrift om folkeregistrering krev at ektepar må ha same bustadadresse for å oppfølgje buplikta. Paret måtte selje garden, eller flytte frå Hemsedal til Bremanger. Difor tok ekteparet ut separasjon og kona folkeregistrerte seg i Bremanger for å oppfylle buplikta.

– Det er ikkje optimalt. Det skaper eit søkjelys på saka som ikkje burde vere der, men det er vanskeleg å gjere noko anna, seier Grøthe.

Både administrasjonen og politikarane i Bremanger har slått fast at småbruket ligg så sentralt til at det skal vere buplikt. Paret meiner deira sak har blitt behandla ulikt basert på liknande saker i kommunen.

– Vi føler at vår eigedom blir brukt for å trekkje nokre grenser, seier Grøthe, som klaga saka vidare til Fylkesmannen.

Vil ikkje luske i buskene

I desember kunne Fylkesmannen slå fast at vedtaket til kommunen er lovleg, og at Marianne Grøthe, som står som eigar, har buplikt i fem år. Kommunen får støtte i at det ikkje har skjedd ugrunna forskjellsbehandling.

– I dei andre sakene er det snakk om eigedomar som ligg meir usentralt til, og som blant anna manglar innlagt vatn, seier Bremanger-ordførar Audun Åge Røys.

Advokaten til seljarane hevdar kommunen opplyste om at det ikkje var buplikt ved småbruket. Dette er noko kommunen avviser. Fylkesmannen peikar på seljar sitt ansvar om å vite kva han sel, og at ein advokat bør ha kjennskap til konsesjonslova.

Bremanger kommune kjem ikkje til å luske i buskane for å sjå på om buplikta blir oppfylt.

– Det står på kapasitet og mannskap til å følge opp slike saker, seier Røys.

Ber om hjelp

No vil det separerte ekteparet klage saka inn til landbruksdepartementet.

– Vi vil be dei om å omgjere saka, seier Tor Grøthe.

Landbruksdepartementet skriv i ein e-post at landbruks- og matministeren ikkje kan kommentere einskildsaker som kan bli klaga inn for departementet.

Marianne Grøthe jobbar i Hemsedal, og må pendle mellom Hemsedal og Bremanger for å følge lova.

– Det er ikkje tvil om at vi har oppfylt buplikta, og at vi framleis skal gjere det, seier Grøthe.

– Ser de på separasjonen som ein måte å unngå lova på?

– Nei, men nokon bør sjå på korleis folkeregisteret fungerer.

Laster kart, vennligst vent…

Hauge

+

NRK, MapBox, OpenStreetMap contributors

Garden ligg på Hauge i Bremanger.