DN-feil om formuesskatt
9. januar 2020
Wallenstad ny markedsdirektør i Moelven Timber
9. januar 2020

Familien til Stein Erik Hagen unngår formuesskatt på 1,2 milliardar kroner i utbytte

Ved å overføre utbytte frå det norske holdingselskapet sitt til selskapet til dottera i Sveits, unngår Stein Erik Hagen og familien å betale formuesskatt.

Ifølgje Dagens Næringsliv har Hagen og familien i fleire år reduserte formuesskatten i Noreg ved å overføre pengar mellom eigne selskap, noko dei allereie i 2017 hadde spart 2,2 milliardar kroner på.

No skriv avisa at familien sidan 2014 har overført utbytte på 1,2 milliardar kroner, frå hovudselskapet deira Canica via selskapet deira Tvist 3 til holdingselskapet til dottera, Caroline Hagen Kjos, i Sveits.

Canica Holding AG i Sveits eig 100 prosent av aksjane i Tvist 3.

– Det er heilt normalt at selskap betaler utbytte, og dette handlar om å utøve profesjonell forvaltning av eigarskapet. På vegner av Canica Holding AG kan eg opplyse om at desse midla blir investerte i både norske og utanlandske selskap, seier Nils Selte, dagleg leiar i Canica, i ein e-post.

Hadde beløpet vorte utbetalt i utbytte til ein privatperson i Noreg, ville det ifølgje DN gitt ei skatterekning på over 400 millionar kroner.

(©NPK)