Ja til konsesjon på Staur gård i Stange.
21. august 2020
Livgivende «trolltrær»
26. august 2020

Fryktar bomskudd og skadeskotne dyr under årets jakt

Smitteverntiltak gjer at årets jegerar kan jakte utan å trene i forkant. – Det gjer at fleire dyr vil lida, seier dyrevernorganisasjonen Noah.

Jakttiden på elg og hjort utvides. Foto: Mostphotos

Kvart år må jegerar som skal jakte på hjort eller elg ha mengdetrening i form av 30 obligatoriske skot på ein skytebane.

Deretter må dei bestå ein skyteprøve der dei skal treffe på fem av fem skot innanfor ein 30 centimeter stor ring på ein villreinfigur. Det innsirkla området er merka på figuren, men ikkje synleg frå standplass.

For å hindra koronasmitte på skytebanene, har Miljødirektoratet opna for at fjorårets skyteprøve også gjeld i år.

I teorien kan dermed jegerar dra rett til skogs eller fjells utan å ha skote sidan jakta i fjor.

 

– Det blir feil at koronatiltaka går utover reglar som skal beskytta dyr mot liding, seier Siri Martinsen, som veterinær og leiar i dyrevernorganisasjonen Noah.

Ho meiner smittevernet heller må sikrast på ein måte som gjer at det ikkje går ut over dyrevelferda.

– Det er allereie betydeleg skadeskyting med dei reglane som er no, og når reglane blir lempa på, så er det ein heilt reell fare for meir skadeskyting. Det har styresmaktene eit ansvar for.

 

Heilt ferske jegerar, og jegerar som ikkje fekk godkjent skyteprøve i fjor, må framleis få godkjent prøve i år om dei skal få lov til å jakta.

 

 

Få på skytebanene

 

I Sogn og Fjordane melder fleire skyttarlag om det same: stor nedgang i talet jegerar som skyt seg inn før jakta.

På skytebana til Eidsbygda Skyttarlag har aktiviteten i år låge på 30 prosent av det normale.

Det uroar Rudi Sønnervik, fylkesinstruktør i ettersøk i Sogn og Fjordane.

– Trening og skyting er ferskvare, og det må me ta oss tid til. Det går på prestasjon, men også sjølvtillit, og det å kjenna seg sjølv og sine avgrensingar.

 

Også Rune Lauritzen, leder i Eidanger jeger- og fiskarlag, er uroa. Han fryktar at ikkje alle er like godt førebudd til jakta.

– Eg trur dessverre ikkje alle tar den tida dei treng for å vite at alt er på stell, seier han.

– Som jeger skal du ut i skogen for å ta eit liv. Det må vi gjere så fort og så humant som mogleg. Då er det ditt ansvar at du har øvd nok på førehand.

 

 

Styresmaktene: – Det blir ikkje meir skadeskyting

 

Seksjonssjef i Miljødirektoratet, Knut Morten Vangen er ikkje redd for at smitteverntiltaka vil føra til meir dyreliding.

– Vår vurdering er at dette ikkje vil føra til ei stor utfordring knytt til skadeskyting, så lenge jegerane følgjer plikta si til å sikra at våpenet er innskote og klart, seier Vangen.

Sjølv om kravet om skyteprøve er vekke, oppmodar han likevel alle jegerar til å skyta nokre treningsskot.

 

– Me oppmodar flest mogleg jegerar til å prøveskyta på skytebana, men ved å fjerna kravet, fjernar me også litt av smittepresset på skytebanene, seier han.

Han legg til at jegerane bør kome seg på jakt, ettersom jakta er ein viktig del av reguleringa av hjortebestanden.

 

Kilde: www.nrk.no

This site is registered on wpml.org as a development site.