Naboorganisering for bedre skogforvaltning
2. januar 2018
Södra höjer priser på massa
3. januar 2018

Har skote over 1000 hjort for å stoppe dødeleg sjukdom

– Skrantesjuka på villreinen i Nordfjella vil nok fort kunne smitte over på hjorten. Med vandringsmønsteret hjorten har, trur eg ikkje vi har kontroll på utviklinga om vi ikkje prøver å tynne ut hjortestammen i områda rundt, seier jeger Fredrik Hestetun i Lærdal.

– Vi er takknemlige

For jegerane i kommunane rundt Nordfjella har bakteppet for jakta på elg og hjort i haust hatt eit alvorleg bakteppe. På grunn av den dødelege dyresjukdommen skrantesjuke blir heile villreinstammen i Nordfjella slakta ned, før området skal ligge brakk i minst fem år.

Den dramatiske situasjonen kan gå frå vondt til verre om sjukdommen smittar over på hjort- og elgstammar i omkringliggande kommunar. I Nord-Amerika er det nettopp på hjort at sjukdommen er mest utbreidd. Difor bad Mattilsynet jegerane om å skyte ned mykje meir hjort og elg enn vanleg.

På vestsida av fjellet, i Aurland, Årdal og Lærdal, er det skote ned nesten 1000 hjortar.

– Vi er veldig takknemlege for at folk stiller opp og gjer sin del i det som er ein ny sjukdomssituasjon i Norge, seier direktør for planter og dyr i Mattilsynet, Karen Johanne Baalsrud.

Kilde: Hjortevilt.no

Henta ned dyr med helikopter

Den smittsame varianten av skrantesjuka er til no ikkje oppdaga på hjort i Norge.

Dei endelege tala for kor mange dyr som er skotne i kommunane rundt er klare først seinare i januar. Veka før jul visste oppteljinga 172 felte dyr i Aurland, 145 i Årdal og 649 i Lærdal.

Viltforvaltar Knut Fredrik Øi seier det er teke i bruk fleire verkemiddel. Talet jaktløyve vart dobla, i tillegg til at alle løyva var frie. Det vil seie at jegerane kunne skyte dyra uavhengig om det var hann, ho, kalv eller vaksne dyr.

I samarbeid med kjøttforedlingsbedrifter i området kom det også på plass ekstra kjølekapasitet i Lærdal og Aurland, der jegerane kunne levere skrottane til vidare sal.

Rundt 100 dyr har også blitt henta ned frå fjellet med helikopter, noko som har skjedd i samarbeid med dei som har floge ut villrein frå jakta i Nordfjella.

– Veldig mange av desse dyra hadde ikkje blitt skotne hadde det ikkje vore for helikopterordninga. Dyra som er skotne i høgda er også spesielt interessante å ta prøver av, fordi dei går i området der det også går villrein, seier Øi.

Også på andre sida av fjellet har jegerane gjort ein innsats utanom det vanlege i haust.

– Dei har skjønt alvoret, og har teke ut så mange dyr som dei har klart, seier Petter Owesen, viltforvaltar i Hemsedal.