Skriftlig spørsmål fra Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til klima- og miljøministeren
14. februar 2018
Gjennomsnittlig skoginntekt økte
16. februar 2018

Hundre villrein stoppa på veg inn i skrantesjuke-land

DEL Fjellstyret varsla Statens naturoppsyn (SNO) om villreinen som var på veg frå Geiteryggen mot Sunnhellerskaret, og ved hjelp av helikopter fekk SNO jaga flokken lenger inn i den smittefrie sone 2.

– Teknisk sett var flokken framleis inne i sone 2 med ei buffersone på rundt to kilometer fram til sperregjerdet mellom dei to sonene. Men det var ein situasjon eg ikkje var komfortabel med, seier seniorrådgivar Petter Braaten i SNO, som òg er operativ leiar for den statlege fellinga i Nordfjella.

Håp om å bevare friske villreinstammer i Norge

Etterlyser GPS-merking

Braaten var først ikkje heilt sikker på om reinen høyrde til på den eine eller andre sida av grensa, men etter å ha granska spor og talt opp andre flokkar i nærleiken, vart tvilen lagt til side.

Oppsynsmannen meiner episoden illustrerer behovet for å GPS-merkje dyra i den smittefrie sona, slik at dei ikkje uoppdaga forvillar seg inn i områda der SNO no driv utskyting av villrein. Mannskap frå Aurland fjellstyre arbeider samtidig med å fjerne GPS-klavar frå radiomerkte reinsdyr etter at fleire dyr i januar vart observerte med digre isklumpar på halsbanda.

Den vanskelege, men naudsynte jobben: – Eg har aldri leia ei sak som har engasjert så mange kjensler i folk

Auka behov for oppsyn

– Når det vart vedtatt å fjerne klavane, sa eg at det kom til å bety sterkt auka behov for oppsyn på grensa mellom dei to sonene. Med tanke på overvakinga er det tenleg og bra å ha aktive sendarar i sone 2. Men vi må finne ein forsvarleg måte å løyse dette på, som gjer at vi ikkje utset dyra for pinsler, seier Braaten til avisa.

Etter planen skal SNO ha felt alle dei rundt 2.200 reinsdyra i den sjukdomsramma delen av Nordfjella, innan 1. mai. Målet er å hindre at den dødelege hjortedyrsjukdommen spreier seg. Derfor er det òg om å gjere at villreinen i andre område av fjellheimen ikkje kjem i kontakt med reinen i sone 1.

This site is registered on wpml.org as a development site.