Foreslår jakt av 7000 bukker på Hardangervidda
8. april 2019
Planting av skog er et godt klimatiltak
8. april 2019

Overdrive skogvern i Norge

Stortinget bad i 2016 regjeringa sette eit mål om å verne 10 prosent av offentleg og privat eigd skog i Norge. Denne målsettinga er også nedfelt i regjeringsplattforma frå 2018 som seier at målet for regjeringspartia er vern av 10 prosent av skogen gjennom privat frivillig vern og vern av offentleg eigde skogareal. Det skal leggast vekt på at vernet skal skje på ein slik måte at det får minst mogleg negative konsekvensar for avverkinga og for skognæringa sitt bidrag til det grøne skiftet.

Etter oppgåver av Landsskogtakseringa er det i Norge eit produktivt skogareal på 85,7 mill. dekar. Ved utgangen av 2018 var det i Norge verna 3,5 prosent av det produktive skogarealet, det vil seie om lag 3 milllionar daa. Fram til målet om 10 prosent vern står det då att å verne 6,5 prosent eller om lag 5,6 millionar dekar. Det aller meste av verna areal i Norge er verna som nasjonalparkar, naturreservat og landskapsvernområde. Dei tre verneformene har ulike grader av vern og ulike vernereglar. Av i alt 2498 registrerte verneområde i 2017 med samla areal 55 millionar dekar, er ca. 98 prosent verna som ein av dei tre verneklassene nemnt ovanfor.

Skogbruket er pålagt mange restriksjonar på bruk av privat og offentleg skog som stoppar eller set grenser for skogbruksverksemd og som i realiteten er vern, utan at arealet kjem med i vernestatistikken. Eg skal rekna opp nokre:

Registrering av nøkkelbiotopar i Norge som starta opp på 1990-talet under prosjektet MiS – Miljøregistering i skog, med registrering og bandlegging av skog med spesiell verdi for biologisk mangfald. Pr. 2015 var det registrert 120.000 slike ulike livsmiljøflater som kvar og ein er relativt små i utstrekning, men som til saman utgjer eit stort areal. Samla areal er ikkje å finne i statistikk.

Levende Skog-standard, nå Norsk PEFC-standard er nå gjeldande regler for all skogbruksverksemd i Norge. Her er det innført ei rekke restriksjonar, m.a. på hogst, der det er krav om ikkje hogst i ei kantsone, vanlegvis 10-15 m breidde, mot vatn, bekker, vegar og myr. Dette kantson-beltet er unntatt for all skogsdrift, og er i realiteten ein del av verna areal. I område med mykje vann, bekker og myrer vil arealet på dette verna beltet utgjere mykje, truleg opp mot 10-15 prosent av det produktive arealet. Arealet finst heller ikkje i statistikk.

I fjellskog skal minst 50 prosent av skogen ha gamalskogpreg, og minst 50 prosent av arealet skal bestå av gamalskog, skog i hogstklasse 4 og 5. Dette setter grenser for aktivt skogbruk over store areal.

Ein må også ta med at det tidlegare er lagt ut eit betydeleg verneareal i strandsoner langs kysten. I tillegg er det verna mange lokalitetar med t.d. myr eller sjeldne treslag. Mange spesielle tre er også verna.

Terrenget i Norge er kupert med mykje fjell, bratte lier og tronge dalar. Store delar av skogarealet er korkje økonomisk eller praktisk drivverdig.

At mykje terreng er vanskeleg å drive i vil alle forstå som køyrer litt kring i kystfylka eller i mange av dei indre dalstroka i Agder/Telemark eller på Austlandet. Store areal, til dels samanhengande, i bratte, utilgjengelege lier har ikkje vore driven tidlegare og vil heller aldri kome til å bli det. Dei ligg der som evige urskogar berre påverka av vær og vind. Dessutan er det i dei aller fleste skogeigedomane mange større eller mindre areal i elles drivbare område som på grunn av vanskeleg drift ikkje blir nytta til skogbruk.

Ikkje drivbart og bandlagt areal er langt større enn det areal storting og regjering har vedtatt som mål for skogvern i Norge. Målsettinga om 10 prosent skogvern er til overmål oppfylt. Store og små areal skog og skogmark har på grunn av utilgjengeleg og vanskeleg terreng aldri vore i bruk og vil alltid bli liggande unytta. Det er areal som på grunn av si naturlege utvikling utan menneskelege inngrep er minst like verneverdig som storparten av dei areal som til nå er verna. Areala er som eit lappeteppe over heile landet og fyller fullt ut og meir enn det dei vernekrava skogbruket er pålagt.

Staten har dei seinare åra løyvd 400-500 millionar kroner kr årleg til skogvern. Det er pengar som kan nyttast til viktigare føremål. Når enkelte forkjemparar av vern seier dei skjemst av lågare verneprosent enn andre land dei samanliknar seg med, så vitnar det om manglande kunnskap om norsk skogbruk, og kan ikkje anna enn å bli oppfatta som eit humoristisk innspel i ein elles alvorleg nok debatt.

Vi har meir enn nok areal i Norge som tilfredsstiller viktige krav til skogbruket. Desse areala ligg slik dei alltid har gjort, upåverka av alle vitskapelege registreringar og byråkratiske vernevedtak. Dei er med på å utføre dei pliktar skogbruket i ei vernetid er pålagd, å verne om artar som lever i skog og sikre det biologiske mangfald.

Dette veit også mange verneaktørane, eller i det minste burde veta det, men for statistikken tel berre areal som biologar har vurdert og som til slutt er verna ved kongeleg resolusjon. Det er større grunn til å vere skeptisk til dei folkevalde sin kunnskap om Norsk skogbruk.

Etter at myndigheitene opna for ordninga med frivillig vern har vernearbeidet skote fart, og dei forskjellige miljøvernministrane kappast om mest mogleg vern på kortast tid, for m.a. å imøtekome miljøforkjemparane.

Store tap blir det for skogbruket i Norge når store samanhengande skogområde med økonomisk drivbar skog og i strid med eigarane og skogbruket sine interesser, blir bandlagd. Når det dessutan blir verna i eit omfang som går ut over framtidig virkestilgang til industrien, får vern store økonomiske ringverknader. Det er også i strid med regjeringa si vedtekne programerklæring.

Emneord til denne artikkelen