Del
Det fortel Kommunal Rapport.
Ifylgje avisa er det ikkje sett nokon tidsfrist for når verninga av skogområde skal vera sluttført, men statssekretær i Klima- og miljødepartementet Atle Hamar skriv i ein e-post til avisa at det vil ta rundt 35 år med det løyvingsnivået ein har i dag.
Han peikar likevel på at tempoet i skogvernet har auka mykje dei siste åra.
Like før jul vedtok regjeringa å verna 40 skogområde i åtte fylke. Dei verna områda er ein del av frivillig vern av privateigd skog og ein del av den langsiktige planen om å verna ti prosent av skogområda her i landet.
Målet med skogvern er å ta vare på naturmangfaldet og hindra at trua artar blir borte.
– Hundrevis av insektartar, soppartar og enkelte fuglar er avhengige av død ved og gammal skog. Det er difor viktig at vi bidreg til å betra situasjonen for trua artar og naturtypar, sa klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) i samband med fredinga av dei 40 nye skogområda før jul.
Del