Klimatoppmøtet: Brasil fortsetter å blokkere
17. desember 2019
Distriktsmelding i fortidens tegn?
18. desember 2019

Vil prøve ut el-sykling i nasjonalparken

Fylkesmannen har utarbeidd forslag til nye forskrifter i tråd med vedtak i nasjonalparkstyra og oppdrag frå Miljødirektoratet.

Fylkesmannen rår til at det blir opna for å gjennomføre eit treårig prøveprosjekt på to strekningar i Jotunheimen for å få kunnskap om korleis el-sykling i nasjonalparkar vil kunne utvikle seg i forhold til volum, ulovleg sykling utanfor veg, auka rekkevidde for dagsturistar og konfliktar med fotturistar.

Dei to aktuelle vegane i Jotunheimen/Utladalen er vegen inn til Glitterheim og anleggsvegen i Koldedalen.

På Glitterheimvegen er det mange som syklar i dag, det er utleige av syklar og mange fotturistar gjennom heile sommaren.

Anleggsvegen i Koldedalen har mindre trafikk og har heller ingen turisthytte i enden av vegen.

Fylkesmannen meiner at dei to vegane har eit såpass ulikt utgangspunkt for el-sykling at ei samanlikning vil vere nyttig.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har kome med tilsvarande forslag om ei prøveordning for fire vegar i Trollheimen og Innerdalen landskapsvernområde.

Fylkesmannen i Innlandet meiner at ved å etablere ei prøveordning for seks vegstrekningar i verneområde vil ein kunne hente viktige erfaringar frå eit bredt spekter av vegar.

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen er skeptiske til å likestille el-sykkel med vanleg sykkel utan ei nærare vurdering av konsekvensane for verneverdiane i det enkelte område.

Med dei utfordringar som er dokumentert for ferdsel i villreinens leveområde i Rondane og Dovrefjell, rår Fylkesmannen til at ein ventar med å opne for el-sykling i nasjonale villreinområde før en har betre kunnskap om konsekvensane.