NORTØMMERs kurs i PEFC Skogstandard avholdt med god deltagelse
22. november 2017
Røkke og Oceanwood vil kjøpe Norske Skogs fabrikker
23. november 2017

Enighet om Statsbudsjettet 2018. Den såkalte maskinskatten skal fjernes. Det er en sak NORSKOG har arbeidet med lenge, sammen med Verdikjeden Skog og Tre.

Langt på overtid har KrF og Venstre endeleg blitt samd med regjeringspartia Høgre og Frp om eit statsbudsjett for 2018.

Etter det NRK erfarer, er det einigheit i budsjettavtalen mellom dei fire borgarlege partia om:

  • Å innføre ei lærarnorm som sikrar maks 16 elevar i 1. til 4. klasse og 21 elevar i 5. til 7. klasse, frå og med hausten 2018. Frå og med hausten 2019 skal talet justerast til 15 og 20 elevar, i tråd med KrF sitt ynskje.
  • Å fjerne den såkalla maskinskatten, i tråd med kva regjeringspartia la opp til i deira budsjettforslag.
  • Dei borgarlege partia på stortinget har blitt samde om nær ei dobling av talet på kvoteflyktningar. Høgre og FrP foreslo i utgangspunktet 1120, men KrF og Venstre har auka det med 1000 personar til 2120.
  • Regjeringas forslag om å innføre engongsavgift på tunge og dyre elbilar, den såkalla Tesla-avgifta, skal vrakast.
  • Det skal også vere einigheit om fleire kompenserande tiltak for kommunane.
  • Semje om å auke innsparingskravet til offentleg sektor. Partia aukar effektiviseringskravet for staten frå 0,5 prosent til 0,7 prosent. Sjukehussektoren slipp kravet.

– Vi er nøgd med å vere i mål, det har vore ein god prosess, men vi har hatt nokre ueinigheiter på slutten, seier Nikolai Astrup frå Høgre. Han har leia budsjettforhandlingane på vegne av regjeringspartia.

– Korleis er forhandlingane i forhold til tidlegare år?

– Vi har hatt god framdrift og det har vore ein god tone, men det er klart at det har vore nokre tøffe tak også i år, seier Astrup.

– De er på overtid, kva har vore tema i siste møtet?

– Det var nokre brikker som måtte felle på plass, det har dei no, seier Astrup.

Han vil ikkje gå inn i detaljar, og viser til pressekonferansen kl. 19. Ei heller dei andre partia vi seie noko om kva som vart resultatet.

– Eg er veldig nøgd, og gleder meg til å presentere resultatet. Alle har vore konstruktive, seier Kjell Ingolf Ropstad, nestleiar frå KrF.

https://www.nrk.no/norge/einigheit-om-statsbudsjett-for-2018-1.13790553