Sveinung Rotevatn (V) Foto: Martin Lerberg Fossum/KLD
Regjeringen ønsker å legge til rette for økt bruk av skogen i klimakampen framover. Det er gode nyheter for skogbruket.
Det pekes i planen på spesifikke tiltak som blant annet:
«Norsk landbruk skal produsere det forbrukarane etterspør på ein klimasmart måte. Eit levande jordbruk i heile landet og eit aktivt skogbruk er naturlege og heilt sentrale delar av det grøne skiftet og framtidas grøne næringsliv», sier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).
Skogen har ei heilt sentral rolle for å løyse klimaproblema vi står overfor. Skog i vekst bidreg med eit høgt CO2-opptak.
– Skogen er naturens eige mekanisme for karbonfangst og -lagring. Regjeringa legg fram forslag til ei rekke tiltak som kan bidra til å auke CO2-opptaket i skog, og som tek vare på karbonlagera i skog og andre grøne areal. Dette er viktig for å nå klimamåla for 2030, men i enda større grad for å nå våre langsiktige klimamål, seier landbruks- og matminister Bollestad (KrF).
Frå skogen kan vi få råstoff og fornybar energi som gir reduserte utslepp i andre sektorar. Levande tre, skogsjord og andre areal lagrar store mengder karbon. For å nå klimamåla er det nødvendig å oppretthalde eller auke desse karbonlagra.
Hele planen kan du lese her