Helge Kårstad om eit forbod mot gran: Vil ikkje vere ansvarleg å bygge tømmerkai i Dalsfjorden
4. juni 2018
Advarer mot at Norge gror igjen
5. juni 2018

Hamar (V): – Plant gran. Skogbruket på Vestlandet er ikkje i fare

Kårstad meiner at utsegner miljøstatsråd Ola Elvestuen har kome med i fagtidsskriftet Norsk Skogbruk viser ei haldning som ikkje lovar bra for skogbruket på Vestlandet, om ho blir sett ut i livet.

– Blir det forbod mot å plante gran på Vestlandet, kan eg ikkje sjå at det er forsvarleg å investere i ei tømmerkai i Dalsfjorden, sa Kårstad til Firda måndag.

Drege for langt

– Nokon har drege Elvestuen langt, seier Atle Hamar til Firda.

– Skogbruket er viktig som næring, tre er viktig som byggmaterial, og skogen er viktig som klimatiltak og i samanhengar der tre kan erstatte plast. Vi legg til rette for ein vekst i skogbruket framover, seier statssekretæren.

– Vi har ikkje tenkt å avvikle skogbruket nord for Salten eller på Vestlandet. Hogg plantefelta, og plant dei ut att. Det er ikkje planar om å fjerne stadeigen, naturleg vestlandsgran, seier Atle Hamar til Firda.

Helge Kårstad har på si side sett store moglege konsekvensar av statsrådens utsegner til Norsk Skogdrift, som siterer Ola Elvestuen slik: «Ja, vi forholder oss til svartelista og jobber med et forbud mot sitkagran og vurderer å stille krav til stedegne treslag, noe som også̊ ekskluderer norsk gran på Vestlandet og nord Saltfjellet.»

– Det finst ingen grunn til totalforbod. Blir det innført, vil ei tømmerkai i Dalsfjorden ligge ubrukt etter 20–30 år, sa Kårstad til Firda måndag.

Statsrådsbesøk?

– Frykta er grunnlaus, seier statssekretær Hamar, som også opplyser at statsråd Elvestuen gjerne tek turen til Gaular for å møte skogbruket der.

– Vi skal ikkje avvikle vestlandsgrana i det heile. Dette er heilt feil, seier Hamar til Firda.

– Men er det ikkje forståeleg at Kårstad og næringa oppfattar Elvestuens utsegner slik dei gjer?

– Det kan forståast. Men utsegna handla om å evaluere eit prosjekt som galdt skogplanting som klimatiltak. Det er ikkje gitt at slik planting skal skje ale plassar. Men det er ikkje aktuelt med eit forbod mot granplanting nord for Salten og på Vestlandet.

– Har Elvestuen blitt feilsitert, eller er det departementet som no modererer?

– Regjeringa si haldning ligg i regjeringserklæringa. Der står det at ein skal vurdere sitkautbreiinga, og at ein skal vurdere prosjektet med granplanting i klimasamanheng. Men det står også at dette ikkje skal handle om den stadeigne vestlandsgrana. Statsråden har også peika på at skogen i aukande grad skal kunne erstatte betong og plast med tre. Skogen har ei fantastisk framtid, seier Atle Hamar.