Landbrukseiendommer rundt Oslofjorden kostet mest
20. september 2018
Alliansen vill utreda för att stärka äganderätten
20. september 2018

Opp for hjort og ned for elg

Sjølv om jegerane feller langt fleire hjort enn elg, skal vi ikkje langt tilbake i tid før situasjonen var ein heilt annan. Fram til for ti år sidan vart det kvart år felt fleire elg enn hjort. I slutten av 1960-åra var både elgstammen og hjortestammen mykje mindre, og det vart årleg felt litt over 6 000 elg og berre 3 000 hjort. I denne artikkelen ser vi nærmare på korleis utbytet frå elgjakta og hjortejakta har utvikla seg i dei ulike delane av landet etter 1945.

Elgstammen voks fort frå 1970

Frå elgstammen for alvor tok til å vekse i byrjinga av 1970-åra, auka både stammen og jaktuttaket fort. Elgen hadde god tilgang på beite etter mange år med bestandsskogbruk og flatehogst, som hadde gjeve gode vekstvilkår for lauvskogen. Jegerane var også i ferd med å organisere seg betre, og retta avskyting vart sett i system.

Elgveksten tok først slutt på Austlandet

På Austlandet auka elgstammen og talet på felte elg fort fram til tidleg i 1980-åra. Østfold var det første fylket som fekk ein bråstopp med stor tilbakegang og deretter utflating i jaktutbytet i åra som følgde. I toppåra vart det skote over 2 000 elg i Østfold og 1 800 i Akershus. Akershus slapp den store tilbakegangen, men også her var det slutt på den bratte veksten omtrent på same tid. Både Østfold og Akershus er framleis av fylka med flest skotne elg per jaktareal, sjølv om jegerane i 2017/18 skaut rundt 1 000 elg i kvart av desse fylka. Det stadfestar at det var tett mellom elgane i desse fylka i toppåra for elgjakta.

Store svingingar i Hedmark

Det viktige elgfylket Hedmark fekk den same bråstoppen eit par år seinare, og etter dette har utbytet svinga mykje med fleire toppar og botnar. Aukande problem med beiteskadar på skog førte til at fleire ønskte å redusere elgstammen. Hard jakt, og ikkje heilt optimal alders- og kjønnsfordeling blant dyra som vart skotne, førte til at elgstammen i Hedmark gjekk meir tilbake enn planlagt i midten av 1990-åra. I åra etter tok elgstammen seg opp att til tidlegare nivå gjennom målretta forvalting. For om lag ti år sidan hadde elgstammen igjen blitt stor med ein topp på 8 000 felte elg. Det var då semje om å redusere elgstammen i heile Hedmark på grunn av store beiteskadar, men i somme område har reduksjonen blitt større enn planlagt. Sjølv om forvaltingsplanen tek omsyn til at både trafikk og ulv drep elg, har tapet til ulven vore større enn ein rekna med i somme område i Hedmark.

Resten av skogfylka på Austlandet har hatt ein flatare vekst i elgstammen og jaktutbytet, men rundt overgangen til 2000 var det slutt på veksten i jaktutbytet frå elgjakta i både Buskerud og Oppland, og begge desse fylka har hatt tilbakegang i åra etterpå. Då jaktutbytet var som størst, vart det skote rundt 4 000 elg i kvart av desse fylka, medan fellingstala for siste jaktår var 2 100 i Buskerud og 3 300 i Oppland.