Den høge aktiviteten i skogen heldt fram i 2019

Demonstrerte mot regjeringens rovdyrpolitikk
23. januar 2020
Svar på skriftlig spørsmål om oversikt over kjøpere av skogområder
23. januar 2020

Den høge aktiviteten i skogen heldt fram i 2019

Den store aktiviteten i skogbruket heldt fram i 2019 også. Hogsten var høg, og det vart bygd mange kilometer ny skogsveg, eit godt grunnlag for framtidig skogsdrift.

Skogsdrift

2019 vart eit år med god aktivitet. 267 399 kubikkmeter tømmer vart seld. Det er litt lågare enn i 2018, men skogkommunen Rindal er ikkje lenger ein del av statistikken for fylket vårt.

Aktiviteten er god, og prisen har vel ikkje vore høgare dei seinare åra enn i 2019. REtt nok kom det ein nedgang på slutten av 2019, og vidare ned nå i 2020. Det vart seld tømmer for i alt 103,6 millionar i 2019, noko som gir ein snittpris på tømmeret på 388 kr/kubikkmeter.

Om lag 93 % eller 248 686 kubikkmeter av tømmeret var gran. Knappe 60 % var sagtømmer, som vart seld i 2019 for 464 kr/kubikkmeter i snitt, ein betydeleg oppgang på 45 kr/kubikkmeter frå 2018 (419,-). Massevirke av gran har også hatt gode prisar, og vart i 2019 handla for 283 kr/m3 i snitt, opp frå 235 kr/kubikkmeter i 2018.

Skogsvegar

I 2019 vart det ferdigmeldt om lag 15 km skogsbilveg her i fylket, fordelt på 6,5 km nyanlegg og 8,5 km ombyggingsprosjekt. Dette er ei betydeleg auka frå tidelegare år, og eit resultat av at bilvegar har blitt prioritert dei siste åra.

Av ein pott i 2019 på 11,5 millionar vart 7,3 millionar løyvd til 23 skogsbilveganlegg og 5 tilleggsløyve. Det er også sett av 1,2 millionar for gratis rådgjeving for skogeigarar som vil byggje veg. Meir informasjon om disse midlane får du av skogbrukssjef i kommunen.

Driftstilskot

3,4 millionar av potten i 2019 vart løyvd som driftstilskot for hogst av om lag 64 000 kubikkmeter tømmer, i alt 79 løyve. 2,3 millionar vart gjeve som tilskot til 31 taubanedrifter med omsøkt volum på 26 200 kubikkmeter.

Kommunane er no vedtaksmynde

Frå 2020 er tilskot til veganlegg og driftstilskot flytta til kommunane, og søknader om slike tilskot skal sendast til kommunen skogen ligg i. Det er 9 millionar i potten til fordeling mellom kommunane i 2020.