En veistump til besvær
28. september 2017
Verdiskaping i opplandslandbruket
28. september 2017

Det skjulte livet i askekrona

Askeskotsjuka trugar norske askeskogar. Dette kan ha følgjer for artsmangfaldet mellom anna for insekt som er avhengige av ask. Men vi veit lite om insekta som har tilhald i ask. Gjennom å gasse asketre slik at insekta dett ned, skal forskarane studere artsrikdommen nærare.

– Då set vi i gong, ropar biolog og insektekspert Karl Thunes frå NIBIO og drar på seg vernemaska. Han er klar til å gasse eit asketre slik at insekta i trekrona skal svime av og dette ned. Forskaren startar opp tåkesprøyta og ei stor kvit sky skyt ut og følgjer stammen opp før ho legg seg rundt trekrona. Spesiallaga nett heng klare til å ta imot fangsten. Og det tar ikkje lang tid før det byrjar å drype småkryp.

Brukt i Sør-Amerika

Mangfaldet av insektartar i tre er samansett og varierer frå treslag til treslag. Nokre insekt finst berre på eit spesifikt treslag. I tillegg lever det sopp og bakteriar som er assosierte med desse insekta på trea, forklarer Thunes.

Gassing av tre er ein metode som er mykje nytta for å studere insekt i regnskogen i tropane, men er relativt ny i Noreg.

– Dette er ein metode vi har tatt frå tropane og tilpassa norske forhold. Det høyrest kanskje dramatisk ut, men det er slik at mange insekt oppheld seg i trekrona og ved å sende opp eit mildt insektmedel får vi ein «knock-down»-effekt som gjer at insekta dett ned. Metoden gjev eit godt tidsbilete på kva slags artar som er i treet på dette tidspunktet, opplyser NIBIO-forskaren, men legg til at ver og vindforhold vil spele inn på kva ein finn.

Nye artar for vitskapen

Tidlegare har forskarane brukt metoden til å undersøke furu og eik på ulike lokalitetar i Noreg.

– På furu fann vi meir enn 100 artar som var nye i Noreg og ni som var nye for vitskapen. På eik var det noko færre artar, men 21 var nye arter som ikkje var omskrivne. Vi kan vere ganske sikre på at ein del av dei vi no har samla frå ask også er artar som ikkje er skildra. Det vi ynskjer å gjere er å kartleggje artsmangfaldet – det skjulte livet. Det store målet er å finne ut kva vi faktisk har av insekt på tre her i Noreg, seier han.