Ombudstvedt: Ikke nærmere løsning for Norske Skog
3. oktober 2017
Svar på skriftleg spørsmål om natur- og friluftsverdiane i Oslomarka
4. oktober 2017

Hardangervidda er fri for skrantesjuke

Ingen av dei 700 til 800 prøvane som er tatt av rein skoten på Hardangervidda, viser smitte eller sjukdom, får NRK opplyst hos Veterinærinstituttet. – Vi ser på det som heilt avgjerande for framtida til villreinen at vi slepp å få ei påvising på Hardangervidda. Det er ein stor og viktig bestand, så det at…

Ingen av dei 700 til 800 prøvane som er tatt av rein skoten på Hardangervidda, viser smitte eller sjukdom, får NRK opplyst hos Veterinærinstituttet.

– Vi ser på det som heilt avgjerande for framtida til villreinen at vi slepp å få ei påvising på Hardangervidda. Det er ein stor og viktig bestand, så det at den er frisk, er veldig positivt, seier Jørn Våge, forskar og CWD-koordinator ved instituttet.

Skrantesjuka, eller CWD (Chronic Wasting Disease), er ein prionsjukdom som gir avmagring, unormal oppførsel, ukoordinerte bevegelsar og tap av kroppsfunksjonar. Den er 100 prosent dødeleg.

I Nordfjella, som strekkjer seg over seks kommunar i Buskerud, Hordaland og Sogn og Fjordane, er det bestemt at heile villreinstammen på 2.200 dyr skal utryddast av frykt for at sjukdommen spreier seg til tamrein og andre hjortedyr.

Veterinærinstituttet ser ikkje bort frå at det vil bli påvist fleire tilfelle av sjukdommen før heile nedskytinga i Nordfjella er fullført 1. mai 2018.

I Selbu i Sør-Trøndelag er sjukdommen påvist i elg.

(©NPK)

Viltpatolog Turid Vikøren på Veterinærinstituttet obduserer eit reinsdyr skote i Nordfjella der det er påvist skrantesjuke blant villreinen. Foto: Tore Meek / NTB scanpix

This site is registered on wpml.org as a development site.