Bård Hoksrud er ny landbruks- og matminister
3. september 2018
Store muligheter for skogsfugl- og rypejakt i høst
4. september 2018

Jaktar etter ulv – torer ikkje å stå fram med fullt namn

– Det er eigentleg ungane eg tenkjer på. Eg vil ikkje at dei skal få noko negativ merksemd, og difor ønskjer eg ikkje å stå fram med namnet mitt, seier ein av jegerane i fellingslaget som for tida har løyve til å skyte ein ulv i området Sognefjorden og Dalsfjorden.

Ein ulv har teke fleire sau i området i sommar, og no har Fylkesmannen utvida fellingsløyvet til å gjelde ut september. Jegerane i fellingslaget seier at det er umogleg å seie noko om kor tid ulven blir skote, men dei fleste er samde om at det er stor sjanse for at han tek fleire sau før den tid.

Sjølv om jegeren ikkje ønskjer å stå fram med namn, har NRK fått lov til å vere med på ulvejakt for å sjå korleis fellingslaget jobbar.

– Det beste hjelpemiddelet er fuglane. Åtselfuglar som ramn kjem utruleg fort til staden når ein sau ligg død. Dermd får vi ein peikepinn på kor ulven kan vere, seier jegeren.

Helst bør ein vere på staden få timar etter at ein sau er teken, for å ha ein god sjanse til å ta ulven. Jegeren vi har vore ute med, var også med då ein ulv vart skoten i Naustdal i 2014. Den gongen var snøen komen, og jegerane kunne følge dei ferske spora.

Sauebøndene er fortvilte

Ove Sørestrand er leiar i beitelaget i området der ulven sist vart sett, og driv sjølv med sau. Han fortel at det sauebøndene i Lavikdalen ikkje har opplevd ulv i terrenget på fleire generasjonar.

– Når du driv med sau er det ikkje noko kjekk oppleving å få beskjed om at det er ulv i området. Det har vore heilt uverkeleg.

Han er svært takksam for arbeidet som fellingslaget gjer.

– Det blir gjort ein fantastisk innsats. Både av sauebøndene sjølv og av fellingslaget som oppheld seg i terrenget.

Fleire vegrar seg for å stå fram offentleg

Men det er altså ikkje alle som er like begeistra for arbeidet som ulvejegerane gjer. Leiar i fellingslaget, Arve Aarhus, fortel at jegeren vi har prata med ikkje er den einaste som vegrar seg frå å stå fram med fullt namn.

– Det er ganske mange som tenkjer slik, og det har med erfaringar å gjere. Vi veit at det er ein del som tek kontakt og driv med hets av dei som er offentlege ute som deltakarar i eit fellingslag.