Kva juletre er mest miljøvenleg?

Norges skogvolum tredoblet på 100 år
18. november 2019
Konferens: Förarlösa maskiner allt närmare praktiskt skogsbruk
20. november 2019

Kva juletre er mest miljøvenleg?

Gran, furu, edelgran, eller plast? Norsk skogselskap seier du skal kjøpe naturleg juletre, men plasttreet kan vere like miljøvenleg.

I ein video som har blitt delt mykje på Facebook dei siste dagane seier Norsk Skogselskap at det er rett å velgje ekte juletre – for miljøet si skuld.

Men er det slik at eit ekte tre uansett er det beste?

– Det mest miljøvenlege er at treet er kortreist og naturleg. Det du høgg i skogen sjølv er det beste, så lenge det ikkje fører til avskoging og det kjem opp nye tre som kan lagre CO₂.

Det seier seniorforskar Borgar Aamaas i Cicero Senter for klimaforsking.

Han får medhald av leiar Anja Bakken Riise i Framtiden i våre hender.

– For dei fleste står valet mellom eit ekte tradisjonelt juletre og plasttre, og då tilrår me ekte tre, seier ho.

Juletrevalet er kanskje heller ikkje ein versting når det gjeld klimautslepp:

– I det store har ikkje kva juletre du vel så mykje å seie, men viss me skal redusere utsleppa våre så er det dei små vala som betyr noko, seier Aamaas.

Vi har samla nokre råd du kan ta deg med på juletreferda:

1. «Plastic fantastic»

Salet av plasttre har tidlegare gått som ei (jule) kule, og skulle ein tru handelsstanden er dette noko forbrukaren vil ha. Det har ikkje ein gong blitt desember før du finn både naturtru, rosa, og kvite plasttre i butikken.

I ei undersøking gjort av Sentio i 2018, for avisa Nationen, blei 1000 personar frå heile landet spurt kva slags juletre dei har. Nær ein tredjedel av svarte at dei vel plasstre.

Aamaas seier at dersom er ser på kor miljøvenleg eit juletre er, så er to faktorar spesielt viktige:

Kor langt treet har blitt transportert

Om det er brukt fossile produkt i produksjonen

– Plasttrea blir som regel produsert i Kina, så då er det ein del transport, samtidig som det er utslepp frå produksjonen. Det blir mindre viktig dersom du kan bruke det fleire år etter kvarandre, seier Aamaas.

– Det er vanskeleg å utkonkurrere eit tre du høgg i skogen rett utanfor huset, men har du eit plasttre og brukar det i 20 til 30 år, så er det også fint, seier Aamaas.

– Så dersom ein tar godt vare på plasttreet kan det vere det mest miljøvenlege?

– Det kan vere omtrent vel så bra. Men, eg kan fort sjå for meg at eit tre kan gå litt av moten, dersom du har eit 20–30 år gamalt tre. Då ser det kanskje ikkje like sprekt ut, seier Aamaas.

Skal du velje plasttre, så er det atterhald:

– Viss du først skal velje plast bør du unngå plasttre laga av PVC, og så er det viktig at du prøver å finne eit av god kvalitet sånn at det ikkje spreier så mykje mikroplast, og slik at du kan behalde det så lenge som mogleg før du treng å kjøpe eit nytt, seier Bakken Riise.

Ho legg til at det beste er å få tak i eit brukt tre, eller arve eit av bestemor, slik at du slepp å kjøpe eit nytt.

2. Tradisjonen tru? Vel kortreist

Ifølge bransjeorganisasjonen Norsk Juletre vart rundt 1,4 millionar naturlege juletre selt i Noreg i 2018, og det for rundt 850 millionar kroner.

Av dei 1,4 millionar juletrea som er selt i Noreg, er cirka éin million produsert i Noreg. Cirka 350 000 til 400.000 er importert, i all hovudsak frå Danmark.

Ifølge Sentio-undersøkinga til avisa Nationen i 2018, er gran mest populært, og det blir valt av 27 prosent. 14 prosent vel edelgran, 3 prosent furu og 2 prosent anna.

Ola Gram Dæhlen, leiar i Skogselskapet i Oppland, er klar på at fleire bør kjøpe seg ekte juletre i framtida.

– Eit naturleg juletre er ein naturleg del av naturen, og me plantar nye tre kvart år. Eit plasttre vil aldri kunne bli klimanøytralt, seier han.

– Tre som er kortreiste kjem gunstig ut, for då er det ikkje så mykje transport. Så er det eit spørsmål om det er ein juletrefarm som kanskje har gjødsla og bidratt med forskjellig utslepp, seier Aamaas.

Bakken Riise seier miljøbelastninga ein får via importerte tre sannsynlegvis ikkje er så stor at det blir eit problem.

– Men, det kan vere greitt å spørje kvar treet kjem frå, og så kan det vere greitt å vite at desto kortare reiseveg treet har hatt, desto betre er det for miljøet

3. Ha treet året rundt

Å verne om levande vesen kan vere viktig for nokre, og når det gjeld juletre trengst ikkje desse fellast. Juletre kan kjøpast i potte, og desse kan plantast ute etterpå, eller takast vare på i potta til neste år.

– Sannsynlegvis er det mest miljøvenlege eit juletre som potteplante som du kan la stå på verandaen eller i hagen gjennom året, og som du kan bruke som juletre år etter år, seier Bakken Riise.

Ho får medhald av Aamaas, som likevel har innvendingar:

– Her også er det nok ein del transport, og treet har nok fått ein del gjødsel og det er nok andre innsatsfaktorar som fører til utslepp. Eg har ikkje sett nøyaktige tal på det, seier han.

– Det fine er at pottetrea er små, så det er ganske små utslepp. Eg trur det kan vere vel så bra å kjøpe eit tre frå ein lokal juletrefarm, seier Aamaas.

4. Do it yourself

I Sentio-undersøkinga til avisa Nationen i 2018, svarar 24 prosent at dei ikkje har juletre.

Då finst det alternative pyntetre laga i metall eller tre.

– Det finst byggesett-tre som du lagar i listverk eller drivved, som ser ut til å bli meir og meir populært, og som er noko som du kan ta frå kvarandre og sette saman att, år etter år, seier Bakken Riise.