Ny utsetjing for Norske Skog

Dette står på spill i Norske Skog
5. oktober 2017
Norske Skog utsetter nok en gang fristen for en redningsplan
5. oktober 2017

Ny utsetjing for Norske Skog

Styret i Norske Skog har utsett fristen til å kome fram til semje om ein redningsplan for selskapet til måndag 9. oktober, opplyser selskapet i ei børsmelding.

Vi oppdaterer saka.

I dag klokka 17 gjekk fristen ut for kreditorane og aksjonærane i Norske Skog til å bli samde om ein plan som skal berge konsernet. Opphavleg var fristen sett til fredag sist veke, men styret ville gi kreditorane og aksjonærane meir tid og utsette avgjerda først til tysdag denne veka og deretter til i dag.

– Vi vil halde fram dialogen med dei usikra og dei sikra kreditorane dei neste dagane for å sjå om det er mogleg å finne ei løysing, skriv styreleiar Christen Sveaas i børsmeldinga.

Det kriseramma konsernet la måndag 18. september fram eit forslag til redningsplan som eit siste forsøk på å berge morselskapet Norske Skogindustrier ASA og fleire av dotterselskapa i konsernet.

Denne planen gjekk ut på at dei noverande aksjonærane misser nesten alle verdiane sine, og at to tredelar av gjelda på ni milliardar kroner blir gjort om til aksjar. Seinare vart det klart at ei gruppe ikkje prioriterte aksjonærar ikkje ville gå med på planen, og dei la fram sitt eige forslag til løysing.

Det har vist seg at det er vanskeleg å få dei to grupperingane til å bli samde om ein felles planen.

Den nye fristen er sett til måndag 9. oktober klokka 17.