Plukkhogst, produksjon og virkeskvalitet
13. november 2017
Konkursekspert om endeløse gjeldsforhandlinger i Norske Skogindustrier: – Man har rett til å forhandle så lenge man vil
13. november 2017

19 av 1500 reinsdyr er skotne i Nordfjella

HEMSEDALSFJELLET (NRK): 19 reinsdyr mista livet på den første dagen med statleg jakt på Hemsedalsfjellet. No blir det ein kamp mot tida for å klare å ta ut 1500 dyr før våren.

– Vi har brukt ein god del tid på å gjere oss kjent i terrenget i dag, så eg tykkjer 19 dyr er bra til å vere den første dagen, seier fellingsleiar Knut Nyland.

30 jegerar skal dei neste månadane gå i turnus for å jakte ned og ta livet heile reinsdyrstammen som held til i Nordfjella. Ein veit at det har vore skrantesjuke i denne stammen, og frykta er at den skal spreie seg til hjort eller andre dyr.

– Det ville vore ein tragedie, seier direktør i Statens naturoppsyn Pål Presterud.

Skrantesjuka drep alle dyr som får ho, og kan spreie seg lett frå dyr til dyr. Difor vart det bestemt at ikkje eit einaste dyr i den smitta stammen skulle overleve.

Skal drepe kvart tiande reinsdyr

Om jaktlaget når målet sitt innan 1. mai, vil kvar tiande villrein i Norge ha mista livet sitt i løpet av vinteren. Og dyra går rett i søppelet etter undersøking.

– Det strider mot alt ein jeger står for, å skyte alle desse dyra utan at det skal gå til mat, seier Petter Braaten, som leiar heile operasjonen for Statens naturoppsyn.

Fleire har protestert på planane om å slake heile stammen, og førre veke fortalde miljøaktivist Kurt Oddekalv at han har planar om å aksjonere mot jegerane.

Braaten og jegerane er likevel ikkje i tvil om at dei gjer det riktige.

– Vi hadde ikkje vore her om vi ikkje meinte det var riktig. Då hadde vi ikkje klart å funne motivasjonen til ei slik oppgåve, som på mange måtar er ei trist oppgåve, seier Braaten.

Brukar helikopter og snøscooter

I dag har ti av jegerane vore på jobb. Dei flyr helikopter mot ein flokk som dei har funne ved hjelp av GPS, så lister dei seg inn mot dyra til dei er så næra at dei kan skyte. Det er viktig at reinsdyra ikkje begynner å forbinde lyden av helikopteret med eit angrep.

Det finst ingen garantiar på at ein når målet om 1500 dyr innan fristen, men jegerane sjølve trur dei kjem til å bli meir og meir effektive.

– Etter kvart som vi blir meir kjent i terrenget, og kor flokkane går, vil vi nok ta endå fleire dyr på gode dagar, seier Knut Nyland.

This site is registered on wpml.org as a development site.