Elvestuen på jakt etter lovlige biodrivstofftiltak
25. januar 2018
Skogpolitikken fra Jeløya
25. januar 2018

Jeger- og Fiskerforbundet reagerer på deling av viltforvaltinga

Regjeringa vil flytte forvaltinga av haustbare viltartar til Mat- og landbruksdepartementet. Anna vilt- og naturforvalting skal framleis liggje i Klima- og miljødepartementet.

DelEmneord til denne artikkelen

Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) ber regjeringa stoppe flytteplanane.

– Ein kan ikkje forvalte viltartar utan god kunnskap om leveområda til artane og økosystemet. Ei heilskapleg forvalting er ein føresetnad, og ein styrke, for å kunne forvalte viltartane våre på ein god og berekraftig måte i eit langsiktig perspektiv, seier generalsekretær i Norges Jeger- og Fiskerforbund Espen Søilen i ei pressemelding.

– Om vi ikkje lenger skal sjå ting i samanheng, får vi både ei dårlegare og dyrare forvalting. Dette er det motsette av forenkling, seier Søilen, som oppmodar regjeringa om å stanse den planlagte overføringa med det same.

Les mer: Forskersamarbeid om elg og ulv i grenseland

NJFF meiner det er urimeleg at forvaltninga av dei haustbare viltartene skal liggje i eit anna departement enn i det departementet som også skal forvalte dei andre viltartene og naturgrunnlaget elles.

NJFF får støtte frå paraplyorganisasjonen Norsk Friluftsliv, som meiner at forslaget vil føre til at vi blir meir sårbare for klimaeffektar og andre påverknader, fordi ein ikkje vil sjå forvaltninga under eitt.

– Å splitte forvaltningsansvaret, og i ytste konsekvens flytte det fram og tilbake mellom ulike departement, er ikkje ein løysing vi stør opp om, seier generalsekretær i Norsk Friluftsliv Lasse Heimdal i pressemeldinga.

Emneord til denne artikkelenDel

This site is registered on wpml.org as a development site.