Fjordtømmer er eit tømmeromsetningsselskap med base i Sunnfjord. Selskapet skal i vinter avvirke og omserje 10.000 kbm tømmer frå skogfeltet til Opplysningsvesenets fond ovanfor Sæbø.
Startar 6. januar
Planen er at arbeidet skal starte 6. januar, og ganske umiddelbart vil det verte behov for lagring på Ørsta Tømmerkai.
Men det er skjer i sjøen. Etter ei synfaring i november og etter korrespondanse, ser det ut til at selskapet ikkje får plass til deira tømmer på baklageret. Altså der tømmeret skal mellomlagrast før det vert skipa ut.
– Vi har behov for begge deler, seier dagleg leiar Ingunn Kjelstad i Fjordtømmer AS til Møre-Nytt
Selskapet viser til bruksretterklæringa for tømmerkaia på Ørstaterminalen. Denne seier at alle skogeigarar skal ha prioritert bruksrett til tømmerkaia og tilstøytande lagringsareal på land.
Kryssande avtale
Under synfaringa i november meiner Fjordtømmer at det kom fram at det eksisterer ein kryssande avtale på baklagerarealet til Ørsta Tømmerkai, mellom Ørstaterminalen og Allskog SA.
– Denne avtalen er i så fall i strid med den tinglyste bruksrettserklæringa, skriv Kjelstad til Ørsta kommune.
Vik Ørsta driv terminalen
Juridisk er Ørstaerminalen ein del av Vik Ørsta. Vik Ørsta leiger terminalen og tømmerkaia frå Ørsta kommune, og står som driftsansvarlege. Det er gjeve store offentlege beløp til tømmerkaia, mellom anna har det kome eit stort beløp frå staten.
Styrar Hermann Urke hos Ørstaterminalen avviser at det er gjort avtalar som utelukkar Fjordtømmer frå baklageret.
– Dette handlar om at Fjordtømmer melde inn sitt behov i seinaste laget. Då var det allereie meldt om tømmer frå andre selskap som skal drive ut skog i vinter, seier Urke.
Arbeider med løysing
Han fortel at det no vert arbeidd med løysingar som skal sikre at Fjordtømmer får mellomlagra tømmeret sitt før det skal skipast ut.
– Aktiviteten på tømmerkaia er høg. Det er meldt inn mykje tømmer til vinteren, seier Urke.