Tidenes budsjett for den internasjonale regnskogsatsinga

Regjeringen vil bruke mer penger for å redusere rovdyrkonfliktene
9. oktober 2018
Skogeier nekter å bli med på frivillig vern
10. oktober 2018

Tidenes budsjett for den internasjonale regnskogsatsinga

Aldri før har Noreg brukt meir pengar på å redde dei tropiske skogane. Å stanse avskoginga av tropisk skog er heilt avgjerande for å nå både dei globale klimamåla og FNs bærekraftsmål. Difor aukar regjeringa det norske klima- og skoginitiativet med 200 millioner kroner i 2019.

Pengane skal mellom anna gå til å betre tilgangen til høgoppløyselege satellittbilete som kan avdekke avskoging sjølv på små område. Bileta vil blant anna gjere det mykje lettare å måle avskoging, redusere usikkerhet om avskogingstal og gripe inn mot ulovleg avskoging.

Samla er innsatsen for regnskogen på 3,2 milliardar kroner over bistandsbudsjettet i 2019. Det er den største løyvinga nokonsinne.

Den naturlege klimaløysinga

– Regnskogen er jordas viktigaste naturlege klimaløsning fordi skogen tar opp og lagrar store mengder CO2 frå atmosfæren, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Det er mange årsaker til at regnskogen forsvinn. Nokre stader er det fordi selskap tener pengar på tømmer frå regnskogen. Nokre stader blir skogen hogd ned for å gje plass til å produsere råvarer som palmeolje eller soya. Andre stader er hovudårsaka produksjon av trekòl til matlaging og oppvarming til en veksande befolkning. For å hindre øydelegging av regnskogen må styresmakter og sivilsamfunnsorganisasjonar vite kvar skogen forsvinn og kven som har ansvaret for at den blir øydelagd.

Skogovervaking er avgjerande

Gjennom dei siste 10 åra har Noreg vore med på å drive fram ei revolusjonerande utvikling i digitale verktøy basert på mellom anna satellittbilde som gir kunnskap om skogen. Kunnskapen blir brukt av styresmakter og organisasjonar i arbeidet med å overvake og å beskytte skogen.

– Noregs bidrag på dette området har vore svært viktig, seier Elvestuen. – Difor set regjeringa av 200 millionar kroner til å skaffe endå betre data om skogen. Vi vil gjere det mogleg for styresmakter, urfolk og sivilsamfunn i utviklingslanda å bruke denne informasjonen til å ta vare på skogen og gripe inn tidleg mot ulovleg avskoging.

For at vi skal klare å nå Paris-avtalens mål om å avgrense oppvarminga av jorda til 2 – eller aller helst 1,5 – grader Celsius må vi klare å stogge øydelegginga av regnskogen. Ved å stanse tropisk avskoging og restaurere utarma landområde kan vi hente ut meir enn 30% av klimaløysingane verda treng før 2030.