Norske Skog AS vurderer offentlig tilbud og notering av aksjer på Oslo Børs
13. juni 2019
Norske Skog AS vurderer notering på Oslo Børs
14. juni 2019

Løvenskiold trur ikkje skogavtalen med EU vil hindre næringa

Fredag denne veka skal energi- og miljøkomiteen på Stortinget levere si innstilling om felles oppfylling av klimamåla med EU.

Senterpartiet vil utsette saka, fordi dei trur den kan hindre utviklinga i skognæringa.

Senterpartiet viser til at det er uklart kor mykje skog som kan takast ut i Noreg om Noreg seier ja til avtalen, fordi dei norske planane for skogbruket framleis ikkje er godkjent av EU.

Trur planane blir godkjent

Benthe Løvenskiold, næringspolitisk sjef i Norskog, seier til Nationen at ho ikkje ser nokon grunn til å vente og at ho kjenner seg trygg på at dei norske planane vil bli godkjent.

– Eg kjenner meg trygg nok på at den referansebanen Noreg har spelt inn vil bli godkjent. Klima- og miljødepartementet vurderer det jo også slik, seier Løvenskiold.

Løvenskiold understrekar at Norskogs støtte til avtalen føreset at dei norske planane blir godkjent.

Vil ikkje bli hindra

– Men planane er jo faktisk ikkje godkjent?

Vi kan ikkje seie ja til ein avtale som avgrensar norsk skognæring. Men 16,5 millionar kubikkmeter i året er bra, og om vi held oss til det er det nok, seier Løvenskiold.

I klimaavtalen med EU er utslepp og opptak frå forvalta skog, skog som blir hogd og forynga, målt mot ein referansebane. Den referansebanen Noreg har spelt inn til EU opnar for at ein kan ta ut 16,5 millionar kubikkmeter i året.

I regjeringa sin nasjonale strategi for skog og trenæringa er 15 millionar kubikkmeter i året definert som eit berekraftig og realistisk tømmeruttak.

I 2018 var uttaket av norsk skog på rundt 12 millionar kubikkmeter.

Sende svensk plan i retur

– Det går jo ikkje an å seie ja til ein avtale, og så ender ein opp på eit heilt anna nivå.

Både den svenske og den finske planane for skogbruket vart underkjent i EU.

Den svenske politikaren Christoffer Fjellner sa til nettavisa Altinget: Miljö og Energi at avvisinga «risikerer å skade den svenske skogsnæringa alvorleg, det er verken bra for klimaet eller for økonomien».

Fjellner representerer partiet moderatarna i Europaparlamentet.

– Finland fekk ikkje godkjent sine planar, mellom anna fordi det ikkje var transparent nok og fordi ein ikkje viste korleis ein hadde kom fram til referansebanen. Men Noreg har følgt regelverket og er transparent, seier Løvenskiold.

Stortinget vedtok i 2015 å gå inn for felles gjennomføring med EU av klimamåla frå Paris-avtalen.

Lulucf handlar om å regulere klimagassutslepp skapt gjennom landsbuk, arealendring og skogbruk.

Etter EU-lovgiving frå mai 2018 må EUs medlemstater sikre at klimagassutslepp frå landbruk, arealbruksendring og skogbruk blir kompensert for.

Målet for sektoren samla sett er at opptak og utslepp skal gå i null.

Avtalen Stortinget skal ta stilling til gjeld for perioden 2021–2030.

Utslepp og opptak frå forvalta skog skal bli målt mot ein referansebane.

Hogstnivået er den viktigaste enkeltfaktoren som påverkar referansebanen.

Regjeringa vil bruke ein referansebane som tillèt uttak av 16 millionar kubikkmeter skog i året.

Emneord til denne artikkelen