– Ulven er målretta og har bite sauene over rygg og nakke

Bedre kunnskap om skog
9. juli 2018
Ny bok om Nord-Europas skogbrukshistorie
10. juli 2018

– Ulven er målretta og har bite sauene over rygg og nakke

FUNN: F.v.: Odd Arne Hamre og Kjetil Ullaland fann desse kadavera på Hysstølen førre veke. Foto: Ivar Myklebust Longvastøl

FUNN: F.v.: Odd Arne Hamre og Kjetil Ullaland fann desse kadavera på Hysstølen førre veke. Foto: Ivar Myklebust Longvastøl

DEL – Det er stor grunn til å tru at den vandrar åleine, seier Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn (SNO).

– Det er grufullt å sjå. Ein ting er dei som er drepne momentant, men dei som har gått rundt med skader er det endå verre å tenke på, sa sauebonden til Firda i helga.

Truleg svensk

No har Fylkesmannen gitt fellingsløyve på ulven og eit jaktlag er no i gang med søket. Ifølgje Firda sin journalist på staden vert det pr. no ikkje jakta med gevær. Det skjer først når dei finn ferske spor frå ulven.

Kjetil Ullaland, Odd Arne Hamre og Geir Vesterheim går no i Hydalen og fjella rundt for å kontrollere at dei 300 dyra dei har gåande har det bra.

Ifølgje SNO er det grunn til å tru at ulven som har vore i området er svensk, slik den som vart skoten i 2014.

– Norske ulvar vandrar austover, medan svenske ulvar vandrar vestover. Kvifor det er slik veit vi ikkje, men denne har truleg vandra over fjella på austsida av Jostedalsbreen, trur vi, seier Golf.

Og det er unge hannulvar som vandrar lengst. Dei leitar etter ny partnar, seier Golf.

– Skandinaviske ulvar likar seg best i skogen og dei jaktar som regel på elg. Svenske ulvar er ikkje så kjend med sau, men ulven som har vore i Naustdal har funne ut sau er ufarleg for han. Han har vore målretta og har bite dei over rygg og nakke, seier Golf.

Fekk tips om bjørneobservasjon – fann ingen spor

– Viktig å føre tilsyn

Men den er ikkje farleg for folk.

– Ein skal ikkje vere redd for å gå i utmarka sjølv om det er observert ulv. Ulvane er livredde folk og har mest sannsynleg sett deg før du har sett han. Om du likevel skal dumpe på ein vil han aldri angripe, seier Golf.

Likevel skal ein ha respekt for rovdyret, oppmodar han.

– Kva skal sauebøndene gjere no til ulven er skoten?

– Det viktigaste er at dei fører tilsyn, og viss dei finn kadaver: dekk dei til med busk eller stein slik at fuglar ikkje kan ete på dei. Då er det lettare for oss å undersøke og finne ut om det er ulv som er årsaka, svarar han.